Nyhet
LNU-rapport: Meir enn fine ord –
(image) Deltakere på utveksling mellom SAIH, JEHN i Nicaragua og CEADL i Bolivia. Regjeringa gløymer barn og unge i utviklingspolitikken og bistandsprosjekt, syner ein ny rapport frå LNU. Rapporten ”Meir enn fine ord” lanserar difor seks forslag til ein utviklingspolitikk som tek barn og unge på alvor.
Rapporten ”Meir enn fine ord – seks forslag til ein utviklingspolitikk som tek barn og unge på alvor” blei lansert under eit seminar hos LNU i dag.(image)
Barn og unge berre ei sårbar gruppe
Rapporten syner, at i motsetnad til Bondevik II regjeringa og Hilde Frafjord Johnson, har Erik Solheim vigd lite merksemd til barn og unge i utviklingspolitikken. Medan Frafjord Johnson fekk vedteke ein eigen strategi for barn og unge i utviklingsarbeidet, har Solheim vald å fokusere på andre grupper og tema.
- Vi etterlyser meir enn fine ord om barn og unge si deltaking i utviklingspolitikken, seier leiar i LNU Bjarne Dæhli.
I den fyrste Soria Moria-erklæringa vart ikkje denne gruppa nemnt i det heile. Og når barn og unge blir omtala i sentrale politiske dokument er det som oftast som ei ”sårbar gruppe” og ikkje som endringsaktørar
Tre kanalar for innverknad
Kvar femte person i verda er mellom 15 og 24 år, og nesten 85 prosent av desse bur i fattige land i Sør. Likevel blir få unge frå Sør høyrt i saker som vedkjem dei.
- Barn og unge kjenner best sin eigen kvardag, og felt som klima og hiv/aids treng at unge er med på å påverke politikk og prosjekt som vedkjem dei. Ungdom er også dei som skal styre i framtida, og å inkludere ungdom er difor viktig for å sikre demokratisering i land i Sør, seier Bjarne Dæhli.
Rapporten peikar på tre kanalar der det er avgjerande at barn og unge bli høyrt. For det fyrste må synspunkta til barn og unge i Sør vere sentrale i internasjonale fora. For det andre må barn og unge i Sør må bli høyrt og tatt omsyn til i gjennomføringa av bistandsprosjekt, og for det tredje har norsk sivilsamfunn har eit ansvar for å formidle synspunkt frå Sør i utviklingsdebatten.
Seks anbefalingar
Mangel på finansiell støtte til å delta på internasjonale fora er ein årsakene til at ungdom blir hindra i å delta i utviklingspolitikken. Internasjonalt er det også vanskeleg for ungdom å få tilgong til dei viktige møta. Her meiner LNU at Noreg kan bidra.
- Det trengs politiske prioriteringar om barn og unge skal bli høyrt. Regjeringa seier at barn og unge er viktige, men dette blir berre fine ord om Solheim ikkje gjer noko for å sikre deltaking, seier Bjarne Dæhli.
LNU-rapporten har difor seks forslag til korleis Norge kan få ein utviklingspolitikk som tek barn og unge på alvor.
LNU anbefalar blant anna at:
norske styresmakter må sikre at barn og unge får delta i utviklingpolitikken på lik linje med andre prioritert grupper, som til dømes kvinner.norske styresmakter må syte for at barn og unge deltek og er aktørar i bistandsprosjekt som vedkjem dei. Utanriksdepartementet, Norad og ambassadar må få meir kompetanse på barn og unge si deltaking og støtte prosjekt der ungdom er aktive endringsaktørar.