Hopp til hovedinnhold

SAIH

Nyhet

Klassekampen: Mange vil ta imot utviste studentar

Noreg må ta imot studentar som blir kasta ut frå lærestader i land med regime som ikkje respekterer menneskerettane. Det foreslår studentorganisasjonen SAIH, og sist veke fekk framlegget støtte frå Høgre i Stortinget. SAIH har dokumentert at studentar i stort omfang blir arresterte og/eller nekta utdanning i land som Zimbabwe, Columbia, Iran og Kviterussland. Demokrati – Dette skal vera eit tilbod til forkjemparar for demokrati og menneskerettar, som blir hindra i å fullføra utdanninga i sitt eige heimland. Det er tenkt som ei eiga ordning, ikkje som ein del av asylordninga, seier Peter Gitmark (H), som tok opp framlegget i ein interpellasjon i Stortinget i førre veka. – Vi ønskjer i første omgang ei prøveordning, nokre titals studentar i starten, seier Anja Bakken Riise, leiar i SAIH, til Klassekampen. Ho er glad for velvilje frå fleire parti. Både KrF, SV, Venstre og Høgre har tatt ei slik ordning inn i sine program. Også AUF og Raudt har stilt seg bak framlegget. Ap vurdererArbeidarpartiet har så langt ikkje slutta seg til framlegget. Eva Kristin Hansen, Aprepresentant i utanrikskomiteen i Stortinget, meiner framlegget frå SAIH er svært interessant.– Dette er eit framlegg vi vil gå gjennom nøye. Problematikken kring studentars rett til å uttala seg er svært viktig. Det er bra at SAIH løftar denne saka, seier Hansen på e-post til Klassekampen. 

«Dette er eit framlegg vi vil gå gjennom nøye. Problematikken kring studentars rett til å uttala seg er svært viktig. Det er bra at SAIH løftar denne saka» EVA KRISTIN HANSEN, AP-REPRESENTANT I UTANRIKSKOMITEEN I STORTINGET –

Kva med Etiopia i denne samanhengen? – Etiopia er i høgste grad aktuelt, seier Gitmark til Klassekampen. Han legg til at det skal vera eit tilbod om å fullføra utdanninga, for så å reisa tilbake. Men ikkje alle vil kunna reisa tilbake, og det må vurderast i kvart tilfelle kva som vil vera trygt. – Det er meir meiningsfullt å la etiopiske studentar som har opponert mot eit diktatur fullføra studiane i staden for å leva som papirlause i Noreg, seier Rune Berglund Steen, Antirasistisk Senter. – Alle som er aktive i Etiopia er i ein vanskeleg situasjon. Vi har nemnt nokre land, det kan vera fleire, seier SAIH-leiaren. Når det gjeld vurdering av søknader, viser ho til Scholars at Risk, som har gode metodar for å velja dei mest utsette akademikarane. Dei tar imot søknader får heile verda og sjekkar grundig. – Det kan bli mange søknader? – Noreg kan vera ein del av ei løysing, og håpa at andre land kan laga tilsvarande ordningar, seier Høgre-representanten. magnhild.folkvord@klassekampen.no

SAIH:– Vi er glad for brei politisk støtte, seier SAIH-leiar Anja Bakken Riise.

Nyheter som engasjerer i kampen for utdanningsrettferdighet

Smiling man in front of ancient rock-cut structures in Petra's red desert mountains.Smiling man in front of ancient rock-cut structures in Petra's red desert mountains.

Nyhet

Studentenes Fredspris tildeles studentaktivist på Vestbredden Mohammad Hureini (22)

Studentenes fredspris 2027 deles ut til den palestinske studentaktivisten Mohammad Hureini for hans arbeid med menneskerettigheter, retten til utdanning og fredsbygging på Vestbredden. Hureini har arbeidet i nesten ti år for å styrke lokalsamfunn og skape internasjonal oppmerksomhet rundt menneskerettigheter.

Les nyhet
A diverse group of six people smiling in front of a grand building.A diverse group of six people smiling in front of a grand building.

Nyhet

SAIHs partner Equal Education på Slottet før OD-dagen

Dagen før årets OD-dag møtte SAIH, Operasjon Dagsverk, NF Solidaritetsungdom og vår sørafrikanske partner Equal Education kronprinsesse Ingrid Alexandra på Slottet. Audiensen var hennes første alene som kronprinsesse. Samtalen handlet om ungdommers rett til utdanning og arbeidet for tryggere og mer rettferdige skoler i Sør-Afrika.

Les nyhet
Halftone fist holding a pencil against a distressed Palestinian flag.Halftone fist holding a pencil against a distressed Palestinian flag.

Nyhet

Stop the scholasticide!

SAIH stands in solidarity with the Islamic University and the wider higher education sector in Gaza.

Les nyhet
Three smiling people stand in front of a large conical tent, with a town visible in the background under a golden sky.Three smiling people stand in front of a large conical tent, with a town visible in the background under a golden sky.

Nyhet

Reisebrev fra Kautokeino

Dagene i Kautokeino ga oss en påminnelse om at utdanning handler om mer enn pensum og læreplaner. Det handler også om språk, identitet og retten til å definere egen kunnskap og egne historier.

Les nyhet
A diverse group of six people laughing and smiling outdoors against a green leafy background.A diverse group of six people laughing and smiling outdoors against a green leafy background.

Nyhet

From Pretoria to Oslo to Chiang Mai

My Experience as a NOREC Research Exchange Participant.

Les nyhet
A woman in an orange t-shirt with crossed arms and a serious expression stands against a cloudy sky.A woman in an orange t-shirt with crossed arms and a serious expression stands against a cloudy sky.

Nyhet

Arbeiderpartiet raserer norsk utdanningsbistand

Regjeringen sier at «arbeid for alle» skal være jobb nummer én i utviklingspolitikken. Samtidig fortsetter Arbeiderpartiet å kutte i støtten til utdanning, en av de viktigste forutsetningene for både arbeid og utvikling.

Les nyhet

Engasjer deg

Oppdag hvordan du kan bidra til SAIHs arbeid.

Hold deg oppdatert – meld deg på nyhetsbrev

En person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjonEn person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjon
En person som prater inn i en megafonEn person som prater inn i en megafon