Nyhet
Globale hinder for utdanning for urfolk
Internasjonale utfordringar
(image) Fra Bolivia. Foto: Sindre Edland-GrytFN-rapporten frå januar i år, presenterer situasjonen for urfolk internasjonalt i forhold til retten til utdanning. Utfordringane er store i alle land med urfolk. Rapporten viser til at det framleis er lang veg å gå for å tetta utdanningsgapet mellom urfolk og ikkje-urfolk. Det er eit tydeleg mønster globalt at urfolk har færre år med utdanning og dårlegare kvalitet på utdanningstilbodet. Det manglar satsing på tospråkleg utdanning og urfolk deltek i for liten grad i utforminga av utdanninga. Statane legg ikkje inn nok ressursar til relevant og god utdanning relatert til røyndom og behov definert av urfolk sjølve. Manglande satsing på relevant og tospråkleg utdanning for urfolk opprettheld fattigdom og diskriminering. Samstundes er hjerneflukt eit hinder for utvikling av urfolkssamfunn, då urfolk som får høgare utdanning ikkje finn relevant arbeid i eige urfolkssamfunn.
(image) Foto: Creative Commons: Br0m
Globale spørsmålRapporten legg vekt på at utfordringane rundt urfolk sin rett til utdanning, er globale. Forskar ved Norsk senter for menneskerettigheter, Hadi Lile, har funne at det er stor mangel på kunnskap om samar blant norske skuleborn. Han meiner det viser at Noreg ikkje oppfyller FN sin barnekonvensjon. Mangelfull undervisning fører til diskriminering. Lile viser i eit intervju med NRK Sámi Radio til at 12,2 prosent av norske elevar meiner samar er litt mindre eller mindre intelligente.
SAIH sine partnarar i Nicaragua og Bolivia, har i mange år arbeida med å sikra urfolk og afroetterkommarar rett til relevant og god utdanning. Dei deler analysen i FN-rapporten om urfolk sin situasjon globalt.
(image) Skolejenter fra Nicaragua. Foto: Håvard HouenUtfordringane er dei same i ulike delar av verda, og samstundes er det mange stader gjort store framskritt og positive erfaringar. FN-rapporten peiker på at trass i at vegen framleis er lang å gå, er det auka merksemd rundt urfolk sin rett til utdanning, både nasjonalt og internasjonalt. Spørsmålet vert sett som juridisk og moralsk, men samstundes som heilt sentralt for å sikra inkluderande og berekraftig utvikling.