Nyhet
Velkomen til Årsmøte i SAIH 2009
Her kjem den endelege innkallinga til Årsmøtet i SAIH. Vedlagt i denne sendinga ligg alle årsmøtepapira.
Dette må de gjere på førehand:
· Vel ho/han/dei som skal få stemmerett og vere dykkar representant på Årsmøtet.
· Send inn påmeldingsskjemaet som er med i denne sendinga innan 12. oktober.
· Meld på observatørane.
· Eventuelt nominer kandidatar til val.
SAIH dekkjer reise på billegaste måte i Noreg for alle representantar med stemmerett, alle dei med sentrale verv i organisasjonen og alle som stiller til val. Alle kan stille med fleire observatørar, men dei må meldast på innan fristen som er 12. oktober. SAIH dekkjer ikkje reiseutgifter for observatørar.
SAIH må ha delegatskjema med signatur frå leiar/ansvarleg i organisasjonen/lokallaget. Om de sender påmeldingane per e-post, må delegatane hugse å ha med det signerte skjemaet på Årsmøtet for å få stemmerett.
Fredag 23.10. kl 18.00-19.00 vil vi arrangere eit seminar for delegatar/observatørar med lite eller inga årsmøteerfaring. Seminaret vil vere i SAIH sine lokale i Storgata 11. Merk av på påmeldingsskjemaet dersom de vil vere med. Laurdagskvelden blir det Årsmøtefest. Meir informasjon om dette vil vi sende ut når det nærmar seg.
For å halde utgiftene nede håpar vi at deltakarar kan ordne overnatting privat. Sei i frå i god tid om de treng overnatting.
Det er til stor hjelp om forslag/endringsforslag til sakspapir, resolusjonar eller politisk tema vert sendt inn til oss i forkant av møtet. Dette er for at vi skal kunne kopiere opp forslaga til alle delegatane, samt at vi skal planleggje tida på dagsorden og for redaksjonskomiteane sitt arbeid. Om nokon vil hjelpe oss med å sitje i ein redaksjonskomité, vere tellekorps, fullmaktskomité eller referentar, er det flott om de ringjer oss på telefon 21 06 34 74 eller sender ein e-post til sigrun.espe@saih.no.
Vi gler oss til å sjå dykk på SAIH sitt Årsmøte 2009!
Med venleg helsing styret i SAIH
v/ leiar Sigrun Espe