Nyhet
Utanriksdepartementet har skjønt det
Pressemelding frå Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond – SAIH 06/10-11
SAIH har jobba jamt og trutt i fleire tiår for å få eit større fokus på utdanning og sivilsamfunn i norsk utviklingspolitikk. Det er særs positivt at Regjeringa no ser ut til å ha skjønt at dette er nøkkelfaktorar for å sikra langsiktig og berekraftig utvikling, seier Anette Remme, leiar av SAIH.
Dette statsbudsjettet oppfyller også Stortinget sin visjon om eit bistandsbudsjett på 1 % av brutto nasjonalinntekt (BNI). Sjølv om andelen av bistand til flyktningtiltak i Noreg, såkalla ODA-tiltak, er redusert, gjer desse at bistandsprosenten framleis ikkje er heilt reell. SAIH meiner at flyktningtiltak og klimafinansiering bør koma i tillegg til ein-prosenten.
Regionalløyvinga til Afrika blir auka samstundes som løyvinga til Latin-Amerika blir vidareført på same nivå utan indeksjustering, noko som reelt betyr ein svak nedgang. Støtta til Nicaragua blir redusert etter at ambassaden i Managua vart lagt ned. Likevel ser SAIH det som positivt at arbeidet til den nicaraguanske frivillige organisasjonen FADCANIC trekt fram som eit godt døme på berekraftig naturressursforvalting.
At partnaren vår, FADCANIC, blir framheva som eit godt døme på ein vellukka utviklingsaktør, vel me å tolka som eit kompliment til SAIH og vårt arbeid. Likevel er det eit skår i gleda at den totale støtta til Nicaragua blir justert ned, avsluttar Remme.
FotoPressebilete av Anette Remme (Foto SAIH): http://saih.no/noop/file.php?id=8268
SAIH er studentar og akademikarar i Norge sin eigen solidaritets- og bistandsorganisasjon. SAIH jobbar med utdanningsbistand, informasjon og politisk påverknad.