Nyhet
Urfolkskvinner og høgare utdanning
Det er viktig for oss fordi SAIH er bygga på trua på at alle, i alle land, har rett til utdanning på eigne premiss. Vårt motto er ”Utdanning for frigjering”. Vi meiner at utdanning er sentralt for at folk skal kunne ta aktivt del i utforminga av det samfunnet dei lever i, gjennom demokratiske prosessar, gjennom forsking og aktivt organisasjonsliv. Vi meiner at god og relevant utdanning er ei forutsetning for god utvikling.
Utdanning på eigne premissUtdanning på eigne premiss er ein fin teori, men i praksis er det fortsatt langt frå der vi er i dag. I Bolivia, Nicaragua og Norge er det særleg éi gruppe som møter mange hinder på veien, og det er urfolkskvinner.
SAIH støtter fleire universitet, blant anna URACCAN i Nicaragua, som aktivt jobber for å utdanne fleire urfolkskvinner. Det dei og vi ser, er at forbilder er viktige for å rekruttere kvinner til høgare utdanning og til ledande stillinger. Derfor så løfter vi fram heltinnene!
ParadoksSAIH ser det som et paradoks at medan urfolksspørsmål i norsk og internasjonalt bistandsarbeid dei siste åra har blitt høgt prioritert, tilleggast ikkje dei same spørsmåla same vekt her heime. Det er eit tankekors at utdanningsministeren og utviklingsministeren følgjer ulik politikk i urfolksspørsmål. Kanskje er det lettare å snakke høgt om det som er langt borte – men det betyr ikkje at den same problematikken ikkje eksisterer her heime.
Urfolksperspektiv i lærerutdanningaVi meiner at for å skape eit meir nyansert bilete av urfolk blant den norske befolkninga, må ein begynne med grunnskulen. Muligheita dagens lærarstudentar får til å skulere seg i urfolksspørsmål er i beste fall mangelfull og i verste fall fråverande. Vi vil utfordre utdanningsminister Kristin Clemet til å bevilge dei ressursane det krev å skape ein skule som virkeleg bygg bruer og skaper forståing. Ei utdanning som bidreg til synliggjering av og innflytelse for urfolk både nasjonalt og internasjonalt, er viktig for å skape eit inkluderande samfunn. Ei satsning på oppgradering av urfolkskunnskap i lærarutdanninga er ein god plass å begynne.
Kven er di heltinne?Spørsmålet vi stiller i kampanjen vår er altså ”kven er di heltinne?”, og dette har eg tenkt lenge og grundig gjennom. Og etter fleire månader med fundering, så kom endeleg svaret i går kveld. Då eg skulle finne mi heltinne, hadde eg to kriterium. Eg ville at det skulle vere ei kvinne som hadde forsert mange hinder, og som hadde gjort ein betydeleg innsats for andre menneske. Mi heltinne er Rosemarie Köhn. Ho kom til Norge frå Tyskland like etter krigen, som sjuåring utan å kunne eit ord norsk. Ho vart Norge sin første kvinnelege biskop. Men viktigast av alt, så står ho for toleranse og medmenneskelegheit. Og ho tør å ta opp kampen for menneskeverd og rettferdigheit.
Utdanning for frigjeringSAIH har ein visjon om at alle urfolkskvinner i Bolivia, Nicaragua og Norge skal ha tilgong på høgare utdanning på eigne premiss. Vi har ein visjon om at alle folk i alle land skal kunne bruke utdanning som eit middel til frigjering. Ei kampanje kan ikkje åleine få det til å skje. Ein organisasjon åleine kan ikkje få det til å skje. Men samla innsats og engasjement kan få oss eit stykke på vegen. Vi ser at arbeidet i Bolivia og Nicaragua nytter.
Vi ser at det blir stadig fleire heltinner, stadig fleire forbilder for unge urfolksjenter som står ved veiskiller og skal ta nokre valg i liva sine!