Hopp til hovedinnhold

SAIH

Nyhet

Universitetet i El Alto: Kampen for godkjenning

(image) Foto: Creative Commons: vocesbolivianas (flickr)

By av migrantarEl Alto fekk bystatus i 1988, og veks raskt. I dag veit ingen eksakt kor mange som bur der, men ein reknar med at El Alto no er millionby. Innbyggjarane er i all hovudsak immigrantar frå landsbygda, eller born av desse. Politisk kraft El Alto har dei seinare åra vore ei sterk politisk kraft i Bolivia. I den såkalla ”Gasskrigen” i 2003, var det først og fremst dei sterke protestane frå innbyggjarane der som gjorde at dåverande president Gonzalo Sánchez de Lozada rømde landet. Studentane frå UPEA stod i fremste rekkje under protestmarsjane.Krav frå grasrotaNabolagsforeninga FEJUVE og den regionale fagrørsla COR, er mektige organisasjonar i El Alto. Dei var heilt sentrale bak kravet om ei eige universitet i byen. UPEA skulle vera eit universitet i, av og for El Alto, som svarer på utfordringane der. Banda mellom COR/FEJUVE og UPEA er ikkje like sterke og organiserte i dag som tidlegare, men sosial kontroll av universitetet er framleis eit viktig tema på agendaen.Aksepterer ikkje statuttaneDei andre offentlege universiteta i Bolivia aksepterer ikkje UPEA sine statuttar, og derfor er ikkje UPEA del av det nasjonale universitetsrådet (CEUB). Hovudårsaka til dette er at studentane si stemme ved val på autoritetar ved UPEA, tel like mykje som forelesarar sine. I motsetnad til dette har dei andre universiteta eit valsystem der studentane sin stemme er mykje mindre vektlagt. Pågåande kampKampen held fram for at UPEA skal bli fullstendig medlem av universitetssystemet i Bolivia. Samstundes svekkar intern maktkamp institusjonen og skaper lite stabilitet. Leiinga vert ofte skifta ut og undervisninga utsett eller avlyst. Begge desse faktorane fører til at mange av dei 16 000 innskrivne studentane er usikre på når dei vil fullføra studia og om dei får ein fullt ut godkjend nasjonal tittel. Samstundes gir den nye grunnlova i Bolivia von om at krava frå UPEA skal få gjennomslag, og president Morales har starta konstruksjon av eit stort nytt bygg som gir rom for utviding.

Av Gonzalo V. Huaranca Mamani, CEADL/ Arnhild Helgesen, SAIHArtikkelen er ei oppsummering av Huaranca sin artikkel ”La Universidad Publica de El Alto. Una permanente lucha por el reconocimiento” (2009).

Nyheter som engasjerer i kampen for utdanningsrettferdighet

Smiling man in front of ancient rock-cut structures in Petra's red desert mountains.Smiling man in front of ancient rock-cut structures in Petra's red desert mountains.

Nyhet

Studentenes Fredspris tildeles studentaktivist på Vestbredden Mohammad Hureini (22)

Studentenes fredspris 2027 deles ut til den palestinske studentaktivisten Mohammad Hureini for hans arbeid med menneskerettigheter, retten til utdanning og fredsbygging på Vestbredden. Hureini har arbeidet i nesten ti år for å styrke lokalsamfunn og skape internasjonal oppmerksomhet rundt menneskerettigheter.

Les nyhet
A diverse group of six people smiling in front of a grand building.A diverse group of six people smiling in front of a grand building.

Nyhet

SAIHs partner Equal Education på Slottet før OD-dagen

Dagen før årets OD-dag møtte SAIH, Operasjon Dagsverk, NF Solidaritetsungdom og vår sørafrikanske partner Equal Education kronprinsesse Ingrid Alexandra på Slottet. Audiensen var hennes første alene som kronprinsesse. Samtalen handlet om ungdommers rett til utdanning og arbeidet for tryggere og mer rettferdige skoler i Sør-Afrika.

Les nyhet
Halftone fist holding a pencil against a distressed Palestinian flag.Halftone fist holding a pencil against a distressed Palestinian flag.

Nyhet

Stop the scholasticide!

SAIH stands in solidarity with the Islamic University and the wider higher education sector in Gaza.

Les nyhet
Three smiling people stand in front of a large conical tent, with a town visible in the background under a golden sky.Three smiling people stand in front of a large conical tent, with a town visible in the background under a golden sky.

Nyhet

Reisebrev fra Kautokeino

Dagene i Kautokeino ga oss en påminnelse om at utdanning handler om mer enn pensum og læreplaner. Det handler også om språk, identitet og retten til å definere egen kunnskap og egne historier.

Les nyhet
A diverse group of six people laughing and smiling outdoors against a green leafy background.A diverse group of six people laughing and smiling outdoors against a green leafy background.

Nyhet

From Pretoria to Oslo to Chiang Mai

My Experience as a NOREC Research Exchange Participant.

Les nyhet
A woman in an orange t-shirt with crossed arms and a serious expression stands against a cloudy sky.A woman in an orange t-shirt with crossed arms and a serious expression stands against a cloudy sky.

Nyhet

Arbeiderpartiet raserer norsk utdanningsbistand

Regjeringen sier at «arbeid for alle» skal være jobb nummer én i utviklingspolitikken. Samtidig fortsetter Arbeiderpartiet å kutte i støtten til utdanning, en av de viktigste forutsetningene for både arbeid og utvikling.

Les nyhet

Engasjer deg

Oppdag hvordan du kan bidra til SAIHs arbeid.

Hold deg oppdatert – meld deg på nyhetsbrev

En person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjonEn person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjon
En person som prater inn i en megafonEn person som prater inn i en megafon