Nyhet
Studentdelegasjon til Colombia
Fra bloggen Student Watch.
Som ein aktivitet i det nye bistandsprogrammet ”Akademisk fridom og faglege rettar” vil SAIH i november i år sende ein elev- og studentdelegasjon til Colombia.
(image)
Omvisning på Universidad Nacional
Målet med programmet er å styrke og vidareutvikle SAIH sitt nettverk av studentorganisasjonar og akademikarar i utdanningssektoren. Dette skal gjerast gjennom å gi studentorganisasjonar og tilsette i utdanningssektoren sjanse til å møtast, utveksle erfaringar, lære av kvarandre og delta på ulike arenaer. I tillegg skal det innhentast og spreiast informasjon om studentar og akademikarar sine faglege rettar i dei ulike landa SAIH jobbar. SAIHs medlemsorganisasjonar og lokallag i Noreg er del av nettverket og vil være viktige samarbeidspartnarar i dette programmet.
Delegasjonen vil bestå av representantar frå NSU, StL, Pedagogstudentane, Elevorganisasjonen og SAIH sine lokallag, samt ein dask studentorganisasjon som heiter Colombian Student Watch. SAIH vil i tillegg sende ein representant frå styret og sekretariatet. Hovudmålet med delegasjonen er å bygge nettverk, å etablere og intensivere samarbeidet mellom norske, europeiske og colombianske student- og elevorganisasjonar, samt organisasjonar som jobbar med menneskerettar og Colombia. Delegasjonen vil fokusere på å bygge opp kunnskap om den colombianske konflikten og situasjonen for colombianske studentar.
Under delegasjonen vil gruppa ha møter med mange profilerte menneskerettsaktivistar og -organisasjonar, grasrotorganisasjonar, fagforeiningar, studentorganisasjonar og vanlege studentar. Vi skal blant anna besøke universiteta i Santander, Pamplona og Cúcuta. I løpet av desse besøka vil delegasjonen ha møter med undervisningspersonale, andre tilsette, studentar og organisasjonar som jobbar med menneskerettar.Vi vil også sette av tid til vidare planlegging av samarbeidet mellom dei norske/europeiske og colombianske organisasjonane.
Sigrun Espe, SAIH