Hopp til hovedinnhold

SAIH

Nyhet

Studentar i Zimbabwe gir stemme til dei stemmelause

(image) Universitetsområdet ved National University for Science and Technology i Bulawayo National University of Science and Technology (NUST) ligg ein kort minibusstur utanfor Bulawayo sentrum. Vava og Melissa, to studentar som er aktive i Zimbabwe National Students Union (ZINASU), har tilbydt seg å vise oss rundt på universitetsområdet. I det vi kjem fram til NUST og passerer sikkerheitsvaktene i porten, ser vi at mykje av universitetsområdet liknar ein byggjeplass med høge kranar og andre maskiner. Mange av bygningane står halvreiste – det manglar midlar til å ferdigstille dei. Det som er ferdig er veldig flott, men studentane reagerer negativt på at universitetsleiinga har tenkt å bruke pengar på å byggje eit handlesenter i staden for fleire studenthyblar i området.

I dag er det berre plass til 65 mannlege og 36 kvinnelege studentar i hyblar på universitetsområdet. Resten av studentane, dei som ikkje er så heldige at dei kan bu hos familie eller vener, må ofte ta til takke med veldig kummerlege bustadar. Ein hybel utan vatn ved universitetet der fire deler rom kostar rundt 25 millionar zimbabwiske dollar (ZWD) kvart semester; ei månadslønning for offentleg tilsette i oktober var 1,8 millionar ZWD. Når berre 39 av om lag 5000 studentar har fått økonomisk støtte i år, og denne støtta dekker under halvparten av semesteravgiftene på om lag ti millionar ZWD, er det ikkje vanskeleg å forstå at det er tøft for studentar i Zimbabwe i dag. Studentar fortel om auka kriminalitet på universitetsområdet. I 2007 har to vorte stukke ned med kniv på universitetet sine hybelhus. I tillegg fortalte Langa oss at fleire jenter har tydd til prostitusjon for å sikre seg ein plass i hybelhusa, for dette er sikrare og billigare enn alternativa.

(image) Studentane vi trefte ved NUST: Anette Remme, Vava Blessing Farmer, Melissa Ndlovu, Langalihle Manyani, Veejachi uango Jachi, Sheknesu Nyoni, Bernard Ngara, Blessing Vava og Grant Tabmrei

Vi trefte ei gruppe på sju studentar i eit tomt klasserom i ein kjellar på NUST. Dei ville gjerne fortelje oss om alle desse problema dei må handsamast med kvar dag, men dei var redde for å bli sitjande for lenge. Slike møter er ikkje lovlege. Studentar har generelt strenge avgrensingar på kva dei kan gjere i Zimbabwe, som resultat av mangel på ytrings- og forsamlingsfridom.

Det første Vava gjorde i det vi kom til NUST var å gå inn i eit auditorium der folk sat og venta på ein lærar som ikkje dukka opp. Han snakka med dei om studentpolitikk og studentar sine rettar, for som han forklarte oss seinare så er det viktig å opplyse og mobilisere studentane – mange av dei veit ikkje at rettane deira vert krenka. Studentar i Zimbabwe har ikkje rett til å ytre seg mot regjeringa eller til å samlast for å demonstrere mot overgrep og urett. Vava kunne ha vorte arrestert for å snakke til ei stor gruppe studentar på universitetet, på same måte som fleire tidlegare har vorte arrestert og mishandla for å arrangere fredlege protestar. Fram til september i år hadde 1493 overgrep mot studentar vorte registrert i Zimbabwe. Sjølv om mange av studentane ved NUST vert skremde av den økonomiske krisa, mangel på mat og hyblar, kutt i økonomisk støtte, førelesarar som flyttar ut av landet og aukande kriminalitet på universitetsområdet, så vert dei også skremde av stadige overgrep mot aktive studentar. Dei fleste er redde for å ytre sine meiningar, for å protestere mot det undertrykkande regimet som gjer det om lag umogeleg å halde fram med studiane. Men studentane vi snakka med hadde tenkt å halde fram å kjempe. Melissa ser studentane som viktige brikker i Zimbabwe si framtidige utvikling: ”Students are the vanguards of democracy, and the voice of the voiceless”.

Nyheter som engasjerer i kampen for utdanningsrettferdighet

A diverse group of six people laughing and smiling outdoors against a green leafy background.A diverse group of six people laughing and smiling outdoors against a green leafy background.

Nyhet

From Pretoria to Oslo to Chiang Mai

My Experience as a NOREC Research Exchange Participant.

Les nyhet
A woman in an orange t-shirt with crossed arms and a serious expression stands against a cloudy sky.A woman in an orange t-shirt with crossed arms and a serious expression stands against a cloudy sky.

Nyhet

Arbeiderpartiet raserer norsk utdanningsbistand

Regjeringen sier at «arbeid for alle» skal være jobb nummer én i utviklingspolitikken. Samtidig fortsetter Arbeiderpartiet å kutte i støtten til utdanning, en av de viktigste forutsetningene for både arbeid og utvikling.

Les nyhet
A diverse group of 10 smiling people pose on an outdoor platform with a red railing and scenic background.A diverse group of 10 smiling people pose on an outdoor platform with a red railing and scenic background.

Nyhet

Utveksling for unge forskere: Kampen mot antirettighetsbevegelser

SAIH søker to unge forskere med interesse for sosial rettferdighet og påvirkningsarbeid til et ettårig internasjonalt utvekslingsprosjekt i Norge, Sør-Afrika og Thailand. Søknadsfrist: 8. november.

Les nyhet
A young blonde woman speaks into a microphone, with large orange text "LEDER FOR EN DAG?" to her left.A young blonde woman speaks into a microphone, with large orange text "LEDER FOR EN DAG?" to her left.

Nyhet

Leder i SAIH for en dag

Har du lyst til å teste hvordan det er å lede en organisasjon, møte politikere og være med på å påvirke saker som betyr noe? På OD-dagen søker vi en elev i videregående skole som får ta over som leder i SAIH for en dag.

Les nyhet
Promotional poster for Afghanistan Week 2026 featuring six speakers and a moderator with their affiliations, against a teal background with a faded image of a person writing on a chalkboard, and organizational logos.Promotional poster for Afghanistan Week 2026 featuring six speakers and a moderator with their affiliations, against a teal background with a faded image of a person writing on a chalkboard, and organizational logos.

Nyhet

Afghanistanuka 2026: Hvordan holde høyere utdanning i live i Afghanistan?

Som en del av Afghanistan Uka 2026 inviterer SAIH og Afghanistankomiteen til et seminar om hvordan høyere utdanning kan holdes i live for kvinner i Afghanistan. Bli med på Kulturhuset 28. oktober, 10:30-12:00. Meld deg på her.

Les nyhet
A young woman in an orange t-shirt with crossed arms stands against a grey wall.A young woman in an orange t-shirt with crossed arms stands against a grey wall.

Nyhet

Ragebait fra KrFU?

En stor del av meg håper nesten det er det, for hvis de faktisk mener hatparagrafen må bort, er det langt mer alvorlig.

Les nyhet

Engasjer deg

Oppdag hvordan du kan bidra til SAIHs arbeid.

Hold deg oppdatert – meld deg på nyhetsbrev

En person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjonEn person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjon
En person som prater inn i en megafonEn person som prater inn i en megafon