Nyhet
Sibikwa Community Theatre Group
(image) Partnerskapet med Sibikwa ble avsluttet i 2009.
Skulen vart starta av Smal Ndaba og Phyllis Klotz i 1988 dei hadde båe bakgrunn som kjende utøvande kunstnarar frå teaterverda i Johannesburg. Visjonen deira var at Sibikwa skulle å fremja teater og utøvande kunst utdanning gjennom yrkesutdanning og livsmeistring. Samarbeidet mellom Sibikwa og SAIH starta alt i 1997 med midlar frå OD til eit sysselsetjingsprosjekt, seinare med midlar frå NORAD til eit utdanningsprosjekt.
OD-2004 Ungdom mot vald:Sidan 2005 har Sibikwa vori med i SAIH sitt program Ungdom mot Vold. Prosjektet til Sibikwa rettar seg mot unge menn og kvinner som har vori i konflikt med lova og som no ynskjer ei yrkeskarriere innan utøvande kunst. Ingen i målgruppa hadde fullførd vidaregåande skule. I tillegg til kunst utdanninga, fører utdanninga også til eit vitnemål (NQF4) som tilsvarar fullførd vidaregåande med rett til opptak til vidare opplæring på universets nivå innan teaterfag. NQF4 vitnemålet stadfester til dømes kompetanse i lese, skrive og rekne ferdigheiter.
Prosjektet har også som målsetjing å føra til endring både i haldning og framferd. Visuelt kunne ein snøgt sjå at deltakarane etter relativt kort tid hadde tileigna seg god kroppsbehersking som presentasjon og stemmekontroll. Etter kvart har dei lært meir om drama, tekstanalyse og tekniske aspekt som kostyme lys og lyd. Alle desse aspekta vert lært gjennom oppbygging av faktiske drama. Dei er sjølve med på å utarbeide ei handling, innøving av og koordinering av rørsler og framføring for eit publikum.