Hopp til hovedinnhold

SAIH

Nyhet

SAIH fordømmer arrestasjonen av Promise Mkwananzi, leiar av Zinasu, og ni andre studentleiarar

Politiet i Bulawayo, Zimbabwe, arresterte onsdag 17. januar ti studentleiarar, blant dei Promise Mkwananzi, leiaren av Zinasu, og Beloved Chiweshe, generalsekretæren i Zinasu. Studentleiarane blei tekne til politistasjonen i Matopos, ein avsidesliggande stad 40 km utanfor Bulawayo.

Zinasu arbeider for tida med ein landsomfattande kampanje retta mot statleg innførte endringar som gjer tilgangen til utdanning svært vanskeleg for zimbabwarar. Vilkårleg heving av studieavgifter har blant anna ført til at yrkeshøgskulen i Bulawayo (Bulawayo Polytechnics) berre har eit gjennomsnitt på 5 studentar per klasse, og i Bulawayo har dessutan fleire kantiner blitt stengde fordi studentane ikkje ein gang har råd til å betale heile studieavgifta.

Det er planlagt at Promise saman med Zinasus koordinator Washington Katema skal vere i Noreg frå 14. til 28. februar. Dei kjem hit i samband med ISFiT, den internasjonale studentfestivalen i Trondheim, og medan dei er i Noreg skal dei også besøke nokre av SAIH sine lokallag.

SAIH fordømmer arrestasjonane, og vil følgje nøye med på utviklinga framover. Vi er uroa for dei arresterte sin situasjon, då det stadig blir meldt om vald og overgrep i samband med arrestasjonar av studentar i Zimbabwe, og vi håpar at dei har det bra. Dei arresterte studentleiarane gjer eit svært viktig arbeid for studentrettar og demokrati i Zimbabwe, og SAIH ser fram til å få besøk av Promise og Washington i februar. Vi ser særs alvorleg på situasjonen i Zimbabwe, og det er no endå viktigare enn før at studentleiarane sine stemmer blir høyrt også utanfor Zimbabwe.

Les Zinasus og SSTs pressemeldinger

Nyheter som engasjerer i kampen for utdanningsrettferdighet

a woman in a suit and white shirt is standing in front of a white wall .a woman in a suit and white shirt is standing in front of a white wall .

Nyhet

SAIH kaller statsbudsjettet et svik

Sterkt kritisk til at regjeringen fortsetter å kutte i utdanningsbistanden

Les nyhet
a man in a denim jacket is standing in front of a crowd of people .a man in a denim jacket is standing in front of a crowd of people .

Nyhet

Strøm Student at Risk 10-års markering

I år markerer vi 10 år med beskyttelse av studentaktivister i Norge gjennom Student at Risk (StAR)-programmet.

Les nyhet
a woman is holding a megaphone in her hand and a man is holding a fist in the air .a woman is holding a megaphone in her hand and a man is holding a fist in the air .

Nyhet

Still til valg i SAIH!

Les nyhet
a woman in a graduation cap and gown is standing in front of a crowd of graduates .a woman in a graduation cap and gown is standing in front of a crowd of graduates .

Nyhet

Startskuddet går for globalt universitetsinitiativ for flyktninger

Les nyhet
a man and a woman are standing next to each other on a street .a man and a woman are standing next to each other on a street .

Nyhet

Tilbakeblikk på Arendalsuka 2024

Et tilbakeblikk på Arendalsuka 2024 og sakene vi løftet opp.

Les nyhet
a group of students are walking down a set of stairs .a group of students are walking down a set of stairs .

Nyhet

Velkommen til høstsamling 2024

Velkommen til SAIHs Høstsamling 2024 den 20. – 22 september!

Les nyhet

Engasjer deg

Oppdag hvordan du kan bidra til SAIHs arbeid.

Hold deg oppdatert – meld deg på nyhetsbrev

En person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjonEn person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjon
En person som prater inn i en megafonEn person som prater inn i en megafon