Nyhet
Resolusjon vedtatt NSUs 55. Landsting - Scholars At Risk - Følg opp medlemsskapet
(image) I Noreg er kun NTNU, UIB, UiO og Høgskulen i Oslo som er medlem av det verdsomspennande nettverket Scholars At Risk (SAR). Formålet med nettverket er å gjera det enklare for akademikarar som ikkje kan jobba ved sin heiminstitusjon å få midleritidig tilsetting ved ein institusjon der
dei kan utøva sin profesjon utan trugsmål om forfølging. Dette er ein vinnvinn situasjon for institusjonane og akademikaren då akademikaren får ein trygg stad å arbeida samstundes som institusjonane får tilgang til høgt kvalifisert arbeidskraft med eit verdifullt perspektiv på forsking og undervising. NSU må oppmoda på sine vevsider andre universitet i Noreg og Norden til å bli med i nettverket.
NSU ser det som særs positivt at fleire universitet deltek i nettverket, men er likevel skuffa over at dei ikkje tek imot fleire akademikarar gjennom nettverket.
Landstinget oppmodar NSUs medlemsinstitusjonar til:
Å bli medlemmer av SAR Å treffa tiltak for å kunne ta imot fleire truga akademikarar. Eit døme på slike tiltak kan vera å auka stillingsprosenten til sin lokale SAR-koordinator. Å ta lærdom av London School of Economics sit mål om til ei kvar tid å ha 5 akademikarar frå SAR tilsett over ei periode på 2 år. Å lage et eiget program for hospitantar.