Nyhet
Resirkulering for urfolksutdanning
(image) Runa Brandal Myklebust, leiar i Freddy og Monica Navarro frå Funproeib Andes
Fokus på viktige saker - Ideen bak Freddy er Resirkulering for rettferd. Vi vil bidra til bevisstgjering rundt, og redusering av, det enorme overforbruket i Noreg samtidig som vi støttar eit årleg valt freds- eller utviklingsprosjekt i Sør, seier Runa Brandal Myklebust, leiar i Freddy.- Vi ønsker å støtte prosjekt som bidrar til ei positiv forandring, og som medverkar til demokrati- og fredskapande arbeid. Samtidig ønsker vi å kunne bidra til økt merksemd i Noreg rundt saka prosjektet vi støttar. Vi støtta i 2007 arbeidet til ein lokal barneheim/helsesenter i Lubumbashi i D.R. Kongo, og i 2008 skulen SSSNY i Burma som jobbar med å utdanne unge flyktningar frå Shan-regionen i landet til å kunne bidra til langsiktig forandring. Funproeib Andes vart valt i samarbeid med SAIH, og passar godt til profilen til Freddy. Vi meiner dei utfører eit svært viktig arbeid for rettferd som vi gjerne ville vere med å støtte. Utdanning for rettferd- Å støtte utdanningsprosjekt for urfolk er å støtte arbeid for rettferd. Urfolk i Sør-Amerika (og i resten av verda) har systematisk vorte vidare marginaliserte gjennom urettferdige utdanningssystem. Her meiner vi Funproeib Andes sitt arbeid for tospråkleg interkulturell utdanning kan påverke til positiv forandring.T-skjortene til Freddy kan kjøpast på ulike festivalar og marknader. I år blir dei mellom anna bli å finne på Hovefestivalen og på søndagsmarkedet på Blå. Vi lyser ut salsstader både på nettsida vår, www.fredensborger.no, og på Facebook-gruppa Resirkulering for rettferd. Gjennom vårt nye samarbeid vil også SAIH bidra til at t-skjortene vert kjende, og SAIH sine lokallag vil få høve til å selja t-skjortene. Freddy vil også selja på ulike festivalar i sommar.
For meir informasjon om SAIHs og Freddys samarbeidsorganisasjon, sjå www.proeibandes.org
For meir informasjon om utsalsstader og kontakt, sjå www.fredensborger.org
(image) Thom Hell med FREDDY-skjorte på Hovefestivalen. Foto: Tom Ivar øverlie, NRK P3