Nyhet
Ny helseminister skapar håp i Sør-Afrika
Konflikten mellom Thabo Mbeki og Jacob Zuma er i ferd med å kulminera med Mbeki sin avgang som President i Sør-Afrika. Den nye sørafrikanske presidenten Kgalema Motlante har i mellomtida brukt tid si til å utnemna nye ministrar. Sivilt samfunn organisasjonar som TAC (Treatment Action Campaign) og Aids Law Project jublar over utnemninga av ny helseminister. Hogan har erfaring frå finanskomiteen, men har også vore ei sterk røyst for ein annan hiv/aids-politikk enn den som til no har vore ført. Hogan er forventa å få fart på hiv/aids-arbeidet i Sør-Afrika og med det ei mykje sterkare satsing på ART (Antiretroviral Therapy– medisinering av hiv smitta som reduserer/stoppar spreinga av HIV i kroppen,). http://www.mg.co.za/printformat/single/2008-09-26-manto-axed-from-health-portfoliohttp://www.int.iol.co.za/index.php?set_id=1&click_id=6&art_id=vn20080926053928526C405226http://www.businessday.co.za/articles/national.aspx?ID=BD4A851153