Nyhet
Kwa Masu Community Advancement Project
(image)
K-CAP driv eit aktivitetshus (Ekhaya Multi Arts Centre) i bydelen Kwa Masu i Durban. Organisasjonen vart etablert i 1993. Dagleg er det om lag 280 ungdommar innom senteret.
Samarbeidet mellom K-CAP og SAIH starta gjennom eit hiv/aids-prosjekt i 2000, i samband med Operasjon Dagsverk 2000.
OD-2004: Ungdom mot vald:K-CAP er også med i Ungdom mot vald-programmet til SAIH (OD-2004: 2005-2009). Som ein del av programmet gjennomfører K-CAP opplæring av ungdom innan drama, dans, musikk, forteljartradisjon, visuell kunst/design og video. Gjennom drama får ungdom trening og erfaring, og dei lærer teknikkar som får tilskodarane til å tenkja. Dei får innsyn i dei ulike formene for dans, og korleis dans vert brukt i ritual, artistisk utfalding og læring. Innan musikk får dei opplæring og erfaring med ulike musikkformer, og lærer om komponering og opptak. Gjennom forteljartradisjon lærer ungdom respekt for verda dei lever i, og å byggja harmoni og forståing. Det er særleg vekt på å nå eit ungt publikum.
Gjennom fleirmedia-aktivitetane vert emne som rus, våpen og gate- og familievald tekne opp. I tillegg gjev K-CAP kvart kvartal ut eit nyhendebrev. Nyhendebrevet omhandlar dei same emna, og er retta mot ungdom. Måla til prosjektet er endring både i haldningar og framferd, men også å halde ungdommen borte frå gata.