Hopp til hovedinnhold

SAIH

Nyhet

Kvar går Sør-Afrika?

Bakteppet:Den nyleg avslutta valkampen i Sør-Afrika illustrerer situasjonen. Fyrst var det kamp mellom veteranane i African National Congress (ANC) om kven som skulle verta den neste presidentkandidat, eit oppgjer mellom Mandela sin etterfylgjar Thabo Mbeki og utfordraren Jacob Zuma, mellom den intellektuelle og folketalaren. Dette oppgjeret vann Zuma-leiren. Valkampen held fram med konflikten mellom den nye leiinga i ANC og dei som hadde tapt. Dei som tapte mot Zuma ville etablera eit nytt parti som skulle utfordra ANC. Det nye partiet, Congress of the people (COPE), hevdar å vera ei vidareføring av fridomskampen i Sør-Afrika. Dei prøver også å introdusera ein ny ”liberation declaration” som kan sjåast som visjonen for ANC-rørsla under fridomskampen.Zuma vart ANC sin nye leiar og med det presidentkandidat, og opposisjonen sitt nyetablerte parti, COPE, stiller også til val i 2009. Kor stort vert ANC?ANC har sidan 1994 vore det dominerande politiske partiet i Sør-Afrika. I alle vala har partiet fått meir enn 67% av stemmene og med det 2/3 fleirtal i parlamentet. Fleire meiningsmålingar meiner at denne perioden no er over. Berre i Kwa Zulu Natal og Western Cape har det til no vore reelle alternativ til ANC, nemleg Inkata Freedom Party (IFP ) og Democratic Alliance (DA). Framveksten av ein fleirpartistat har vore lang og er ikkje i mål enno. Det store spørsmålet mellom politiske kommentatorar er om ANC beheld 2/3 fleirtal. Men er det dette som er interessant?Kvar vart det av verdivala og kampen for dei undertrykte?Det er kanskje symptomatisk for situasjonen at mange av verdispørsmåla som var sentrale for ANC i fridomskampen i seinare år vart fare over med ein harelabb i den politiske diskursen, både under president Mbeki og etterfølgjaren. I staden for å visa solidaritet med, målbera synspunkta til og forsvare svake grupper sine rettar i andre land, t.d. Burma og Tibet, har Sør-Afrika vorte ein aktør på den internasjonale arenaen og let seg bruka av sin nye store velgjerar Kina.Av dei store fridomsforkjemparane står berre Desmund Tutu att og framheld prinsippa frå fridomskampen. Han har tala både Mbeki og Zuma midt i mot og har åtvara mot at ANC vel Jacob Zuma til president.Også i Sør-Afrika er det grupper som ikkje kjem til orde!Ein av organisasjonane i SAIH sitt nettverket i Sør-Afrika, Media Monitoring Africa (MMA), overvaka og kommenterte valprosessen. MMA er skuffa over kvaliteten på avisene si dekking av valkampen. Artiklane i pressa gjev ikkje nok informasjon til lesarane hevdar Sandra Roberts i MMA. Ho etterlyste presentasjonar og analyserer av partia sine manifest og dei mange korrupsjonssaken i valkampen.MMA har også gjennom overvaking funne at media i liten grad dekkjer ungdom si deltaking i valet. MMA spør kvifor det er slik? Kvifor kjem ikkje alle til orde? Må det noko uvanleg til for at ungdom og ungdomssaker kjem i fokus i media? Linkar:Mail & Guardian:http://www.mg.co.za/article/2009-04-21-the-mg-election-guidehttp://www.mg.co.za/printformat/single/2009-04-21-the-mg-election-guideEin gjennomgang av ANC sine nye lovnadar saman med kommentar om korleis det gjekk sist.http://www.mg.co.za/article/2009-04-19-the-rainbow-nation-brought-lowEin kommentar til fire bøker som tek for seg Thabo Mbeki sin rolle i utviklinga i Sør-AfrikaAfrica Confidential:http://www.africa-confidential.com/article/id/3054/Zuma's-surprise-packageDiskuterer utfordringane Zuma vil møta som Sør-Afrikansk president, og samansetjinga av ny regjering og støttespelararhttp://www.bizcommunity.com/Article/196/15/34898.htmlInterjuv med Sandra Roberts MMA som hevdar at det er dårleg kvalitet på media si dekking av valet I SA.http://www.bizcommunity.com/Article/196/15/35220.htmlArtikkel som dokumenterer at born og ungdom ikkje kjem med I media si dekking av valet.http://www.mediamonitoringafrica.org/index.php/resources/entry/election_coverage_9-13_april_2009_-_politics_is_about_people/Media Monitoring Africa sin rapport frå overvaking av media I perioden 9.13 April.

Nyheter som engasjerer i kampen for utdanningsrettferdighet

Smiling man in front of ancient rock-cut structures in Petra's red desert mountains.Smiling man in front of ancient rock-cut structures in Petra's red desert mountains.

Nyhet

Studentenes Fredspris tildeles studentaktivist på Vestbredden Mohammad Hureini (22)

Studentenes fredspris 2027 deles ut til den palestinske studentaktivisten Mohammad Hureini for hans arbeid med menneskerettigheter, retten til utdanning og fredsbygging på Vestbredden. Hureini har arbeidet i nesten ti år for å styrke lokalsamfunn og skape internasjonal oppmerksomhet rundt menneskerettigheter.

Les nyhet
A diverse group of six people smiling in front of a grand building.A diverse group of six people smiling in front of a grand building.

Nyhet

SAIHs partner Equal Education på Slottet før OD-dagen

Dagen før årets OD-dag møtte SAIH, Operasjon Dagsverk, NF Solidaritetsungdom og vår sørafrikanske partner Equal Education kronprinsesse Ingrid Alexandra på Slottet. Audiensen var hennes første alene som kronprinsesse. Samtalen handlet om ungdommers rett til utdanning og arbeidet for tryggere og mer rettferdige skoler i Sør-Afrika.

Les nyhet
Halftone fist holding a pencil against a distressed Palestinian flag.Halftone fist holding a pencil against a distressed Palestinian flag.

Nyhet

Stop the scholasticide!

SAIH stands in solidarity with the Islamic University and the wider higher education sector in Gaza.

Les nyhet
Three smiling people stand in front of a large conical tent, with a town visible in the background under a golden sky.Three smiling people stand in front of a large conical tent, with a town visible in the background under a golden sky.

Nyhet

Reisebrev fra Kautokeino

Dagene i Kautokeino ga oss en påminnelse om at utdanning handler om mer enn pensum og læreplaner. Det handler også om språk, identitet og retten til å definere egen kunnskap og egne historier.

Les nyhet
A diverse group of six people laughing and smiling outdoors against a green leafy background.A diverse group of six people laughing and smiling outdoors against a green leafy background.

Nyhet

From Pretoria to Oslo to Chiang Mai

My Experience as a NOREC Research Exchange Participant.

Les nyhet
A woman in an orange t-shirt with crossed arms and a serious expression stands against a cloudy sky.A woman in an orange t-shirt with crossed arms and a serious expression stands against a cloudy sky.

Nyhet

Arbeiderpartiet raserer norsk utdanningsbistand

Regjeringen sier at «arbeid for alle» skal være jobb nummer én i utviklingspolitikken. Samtidig fortsetter Arbeiderpartiet å kutte i støtten til utdanning, en av de viktigste forutsetningene for både arbeid og utvikling.

Les nyhet

Engasjer deg

Oppdag hvordan du kan bidra til SAIHs arbeid.

Hold deg oppdatert – meld deg på nyhetsbrev

En person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjonEn person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjon
En person som prater inn i en megafonEn person som prater inn i en megafon