Nyhet
Kjønnsfokus og utdanning viktig i kampen mot HIV og AIDS
Årsakene til at unge menneske er utsette er mange, og rapporten fokuserer på risikabel seksuell åtferd, stoffmisbruk, mangel på tilgang til informasjon om HIV og prevensjon, i tillegg til ei rekke sosiale og økonomiske tilhøve. Likevel er det unge menneske som gjev grunn til håp at det er mogeleg å endra retninga på denne epidemien. Framtida er avhengig av korleis ein prøver å førebygga smitte blant unge i dag. Rapporten fokuserer på unge menneske som endringsagentar, og nemnar dei følgjande strategiane for å hjelpe unge til å verna om seg sjølve.
Verna om og fremja rettane til born. Dette inkluderer rett til informasjon, utdanning, helse og helsevern, fridom frå voldtekt, seksuell tvang og vald. Jenter har rett til likskap i utdanning, arbeid, arv, ekteskapslover, og til å ta avgjerdsler når det gjeld seksualitet og reproduksjon. Gje unge menneske tilgang til utdanning og informasjon om førebygging av HIV, seksuell og reproduktiv helse og i "life skills". Sørga for at det finst helsetenester for reproduktiv helse, som til dømes billege eller gratis kondomar, frivillig rådgjeving og testing, diagnose og helbreding av seksuelt overførbare sjukdomar. Fokusera på særskild sårbare grupper slik som unge stoffmisbrukarar og homofile. Kjempa mot seksuell utnytting av unge menneske.
Rapporten legg særskild vekt på at det er naudsynt å ta hensyn til den rolla ulikskapar mellom kjønna spelar i HIV/AIDS epidemien. Strategiane nemnt ovanfor er mest effektive når dei medverkar til å styrkja jenter og unge kvinner, og til å kjempa mot dei sosiale og kulturelle ulikskapane som gjer dei meir sårbare enn menn.