Hopp til hovedinnhold

SAIH

Nyhet

Historisk høg politisk deltaking av kvinner i Bolivia

Historisk valresultatDet nyleg gjennomførte valet i Bolivia gav president Evo Morales og MAS (Movimiento Al Socialismo) ein historisk høg oppslutnad. Presidenten vart gjenvald med 62,5 % av stemmene, i eit val som vert evaluert positivt av internasjonale valobservatørar frå m.a. Noreg og EU.

Valet var og ein historisk siger for kvinneorganisasjonar og andre som gjennom mange år har arbeidd for å auka kvinner si deltaking i boliviansk politikk. Totalt er no 30 % av representantane i lovgivande forsamling (Asamblea Legislativa Plurinacional) kvinner, 47 % i senatet og 25 % av parlamentsmedlemmene. Den høgste representasjonen tidlegare var i 2002, med 14,8 % i senatet og 18,5 % av parlamentsmedlemmene.

(image) Kvinner ved SAIH-støttede CDIMA

Resultat av 20 år med hardt arbeidSAIH sin partnarorganisasjon CDIMA, feira i oktober 20års-jubileum. Dei har sidan starten arbeidd for å auka urfolkskvinner si deltaking i politikken, på alle nivå. I samband med feiringa av jubileet, er det gitt ut ei bok som skildrar organisasjonen si historie og resultat dei har oppnådd. Tusenvis av kvinner har gjennom dei 20 åra fått leiartrening, og mange av dei har nytta kunnskapen i eigne organisasjonar eller på politisk nivå. Ei endå større gruppe kvinner har gjennom radiosendingar fått kunnskap om eigne rettar og styrkja sin kulturelle identitet. Forfattaren av boka om CDIMA, avsluttar med orda: ”Den pågåande politiske endringsprosessen [i Bolivia], med innføring av ein fellesskapsbasert sosialisme (i prosess) ville ikkje vore mogleg utan den sterke innsatsen frå CDIMA og andre allierte organisasjonar og institusjonar”. (Pati Paco, Pelagio 2009 Desde las mujeres aymaras para naciones originarias: 115).

Målet ikkje nåddTrass i ein historisk høg kvinneleg prosentdel i lovgivande forsamling, er ikkje grunnlova (2009) sin målsetnad om 50 % representasjon nådd. Kvinneorganisasjonar i Bolivia vil derfor halda fram med å arbeida for å auka representasjonen. Paraplyorganisasjonen av kvinneorganisasjonar ”Coordinadora de la Mujer”, krev m.a. at Evo Morales følgjer opp med 50 % kvinnelege ministrar i si nye regjering, og dei satsar sterkt for å få fram kvinnelege kandidatar til fylkes- og lokalvalet i mars 2010.

Nyheter som engasjerer i kampen for utdanningsrettferdighet

Two smiling women stand outdoors with a city skyline and blue sky in the background.Two smiling women stand outdoors with a city skyline and blue sky in the background.

Nyhet

SAIH blir med i "Oslo som Pusteromsby"

SAIH går inn som formell partner i Oslo som Pusteromsby. Sammen med andre sentrale menneskerettsorganisasjoner skal SAIH bidra til å gi truede menneskerettighetsforsvarere et pusterom for hvile, trygghet og kapasitetsbygging – med særlig fokus på studenter og akademikere.

Les nyhet
Mbuyisa Makhubu carries a dying Hector Pieterson, with Antoinette Sithole screaming beside them, during the Soweto Uprising.Mbuyisa Makhubu carries a dying Hector Pieterson, with Antoinette Sithole screaming beside them, during the Soweto Uprising.

Nyhet

50 år sidan Soweto-ungdom endra historia. No er det vår tur

For oss i Noreg kan historia om Soweto verka fjern, men ho handlar om noko som gjeld ungdom overalt.

Les nyhet
A crowd of protestors, one holding a sign that reads "DO ONLY THE RICH DESERVE EDUCATION?!".A crowd of protestors, one holding a sign that reads "DO ONLY THE RICH DESERVE EDUCATION?!".

Nyhet

Det som kan telles er ikke alt som teller

Asle Toje har rett om en ting: bistandssystemet er overmodent for reform. Det er det få som jobber med internasjonalt utviklingssamarbeid som er uenige i. Spørsmålet er ikke om bistanden bør endres, men om vi skal bevege oss fremover eller bakover.

Les nyhet
A man with light hair and blue eyes, wearing a black suit and red tie, smiles subtly against a grey background.A man with light hair and blue eyes, wearing a black suit and red tie, smiles subtly against a grey background.

Nyhet

Vendepunktet som forsvant

Ved første anledning velger regjeringen å ta penger fra bistandsbudsjettet for å dekke økte utgifter til mottak av flyktninger i Norge.

Les nyhet
Two smiling women hold a "Miljöfyrtårn" sign on a rooftop with city buildings and trees in the background.Two smiling women hold a "Miljöfyrtårn" sign on a rooftop with city buildings and trees in the background.

Nyhet

SAIH er Miljøfyrtårn-sertifisert!

Vi er stolte over å ha tatt et viktig steg i arbeidet for en mer bærekraftig fremtid.

Les nyhet
Four people, three men and one woman, stand on an outdoor path flanked by trees.Four people, three men and one woman, stand on an outdoor path flanked by trees.

Nyhet

Studentdemokratiet ved UiS øker støtten til SAIH

Studentdemokratiet (StOr) har vedtatt å øke den valgfrie SAIH-bidraget på semesteravgiften til 50 kr.

Les nyhet

Engasjer deg

Oppdag hvordan du kan bidra til SAIHs arbeid.

Hold deg oppdatert – meld deg på nyhetsbrev

En person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjonEn person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjon
En person som prater inn i en megafonEn person som prater inn i en megafon