Hopp til hovedinnhold

SAIH

Nyhet

Grønn energi i kina - drivkrefter & barrierer (Gjesteblogg)

"Eg vil hevde at dersom vi ønskjer å forstå kva retning Kina vil ta i framtida er det viktig å forstå kva dei som er i industrien tenkjer" skriver gjesteblogger Marius Korsnes.

Eg er akkurat komen tilbake frå eitt års opphald i Shanghai, der eg har gjort eit feltarbeid for forskinga mi på havvindindustrien i Kina. Vi veit alle at Kina er eit stort land med mange folk. Om lag ein femtedel av jordkloten faktisk. Det er eit land i ekstrem vekst, i ekstrem forandring, eit land med ekstremt mangfald. Både for dei som bur der, og for oss utanfor, er det vanskeleg å forstå kva det betyr at livet til ein femtedel av verdas folketal endrar seg so raskt som det gjer i Kina.

På grunn av Kinas raske industrivekst og aukande urbanisering veks elektrisitetsbehovet svært raskt. Kina er i dag det landet som brenn mest kol, og slepp ut mest CO2 totalt sett, men det er også det landet i verda som investerer mest i fornybar energi, spesielt vindkraft og solkraft (sjå til dømes s. 17 i denne rapporten). Mi forsking ser på utbygginga av den gryande havvindindustrien i Kina. Havvind vil seie vindturbinar som er installerte til havs:

Dette er ein industri som nyttar vindturbinar som er tilpassa eit offshoreklima, og som treng eit heilt nytt sett av kunnskapar og erfaringar frå olje og gass og maritime industriar for installasjon og operasjon av turbinane. Kina hadde eit mål om å installere 5000 MW havvind til 2015, men har i dag installert berre om lag 390 MW, mot heile 91 000 MW installert kapasitet til lands. EU-landa har til samanlikning 6 600 MW til havs, og 110 000 MW med vindkraft på land i 2014. Den store skilnaden er at mange EU land byrja utbygging av vindkraft i 1970- og 80-åra, medan Kina byrja for alvor først rundt år 2000. Læringskurva har difor vore veldig bratt i Kina.

Kina er eit land på storleik med Europa som det er vanskeleg for oss som ikkje bur der å forstå; men nettopp sidan vi ikkje bur der er det tilsvarande lett å forenkle vårt syn på Kina: Det er mange folk, dei forureinar verda med CO2 utslepp, byane er hav av svevestøv, dei har ikkje demokrati, kommunistpartiet gjer alt dei kan for å behalde makta. Eg skal ikkje seie at desse oppfatningane er feil, men det eg freistar forstå i mi forsking er kva kinesarane sjølve tenkjer om å byggje opp ein ny fornybar energiindustri. Kva er motivasjonane bak? Korleis går dei fram? Er det verkeleg staten som styrer alt der? Korleis lærer dei frå andre land som har meir erfaring med havvind?

Dette er eit viktig tema fordi det gir oss indikasjonar på korleis energiframtida til Kina kan kome til å sjå ut, og tilsvarande korleis dette vil påverke verda. Det folk i industrien tenkjer i dag vil på ein eller annan måte legge føringar for kva strategiar som blir valde, kor rask utbygginga kjem til å skje, og kor viktig fornybar energi er i motsetnad til fossile brennstoff som forureinar og bidreg til auka utslepp av drivhusgassar.

Det finnast allereie tusenvis av rapportar, statistikk og forskingsartiklar som ser på tal: kor mykje vert bygt ut kvart år, kor mange tonn utslepp og liknande. Dette er sjølvsagt viktig informasjon, men eg vil hevde at dersom vi ønskjer å forstå kva retning Kina vil ta i framtida er det viktig å forstå kva dei som er i industrien tenkjer. Mi forsking viser at det er fleire ting som speler inn i utviklinga av industrien i Kina: lokale myndigheiter langs kysten ønskjer ofte å byggje ut havvindindustrien raskt for å tene ekstra pengar på lokal industri, medan sentralmyndigheitene er meir skeptiske fordi dei til dømes må ta omsyn til dei høge kostnadene, og tryggleik langs kysten, spesielt i Taiwan-stredet. Prosjektutviklarane er opptatte av profitt, slik alle andre selskap er i verda, og dei ønskjer ikkje å byggje ut vindkraft til havs før dei tener pengar på det. Alle i industrien er meir opptatte av kvalitet og at prosjektet skal kunne stå i minst 25 år, noko som gjer at dei er meir interesserte i å importere deler, produkt og tenester frå Europa, som har meir erfaring med havvind.

Dette er berre nokre få av dei tinga forskinga mi ser på som gjer det lettare å forstå kvar drivkreftene og barrierane ligg for utbygging av havvind, og anna ny fornybar energi i Kina.

Nyheter som engasjerer i kampen for utdanningsrettferdighet

Smiling man in front of ancient rock-cut structures in Petra's red desert mountains.Smiling man in front of ancient rock-cut structures in Petra's red desert mountains.

Nyhet

Studentenes Fredspris tildeles studentaktivist på Vestbredden Mohammad Hureini (22)

Studentenes fredspris 2027 deles ut til den palestinske studentaktivisten Mohammad Hureini for hans arbeid med menneskerettigheter, retten til utdanning og fredsbygging på Vestbredden. Hureini har arbeidet i nesten ti år for å styrke lokalsamfunn og skape internasjonal oppmerksomhet rundt menneskerettigheter.

Les nyhet
A diverse group of six people smiling in front of a grand building.A diverse group of six people smiling in front of a grand building.

Nyhet

SAIHs partner Equal Education på Slottet før OD-dagen

Dagen før årets OD-dag møtte SAIH, Operasjon Dagsverk, NF Solidaritetsungdom og vår sørafrikanske partner Equal Education kronprinsesse Ingrid Alexandra på Slottet. Audiensen var hennes første alene som kronprinsesse. Samtalen handlet om ungdommers rett til utdanning og arbeidet for tryggere og mer rettferdige skoler i Sør-Afrika.

Les nyhet
Halftone fist holding a pencil against a distressed Palestinian flag.Halftone fist holding a pencil against a distressed Palestinian flag.

Nyhet

Stop the scholasticide!

SAIH stands in solidarity with the Islamic University and the wider higher education sector in Gaza.

Les nyhet
Three smiling people stand in front of a large conical tent, with a town visible in the background under a golden sky.Three smiling people stand in front of a large conical tent, with a town visible in the background under a golden sky.

Nyhet

Reisebrev fra Kautokeino

Dagene i Kautokeino ga oss en påminnelse om at utdanning handler om mer enn pensum og læreplaner. Det handler også om språk, identitet og retten til å definere egen kunnskap og egne historier.

Les nyhet
A diverse group of six people laughing and smiling outdoors against a green leafy background.A diverse group of six people laughing and smiling outdoors against a green leafy background.

Nyhet

From Pretoria to Oslo to Chiang Mai

My Experience as a NOREC Research Exchange Participant.

Les nyhet
A woman in an orange t-shirt with crossed arms and a serious expression stands against a cloudy sky.A woman in an orange t-shirt with crossed arms and a serious expression stands against a cloudy sky.

Nyhet

Arbeiderpartiet raserer norsk utdanningsbistand

Regjeringen sier at «arbeid for alle» skal være jobb nummer én i utviklingspolitikken. Samtidig fortsetter Arbeiderpartiet å kutte i støtten til utdanning, en av de viktigste forutsetningene for både arbeid og utvikling.

Les nyhet

Engasjer deg

Oppdag hvordan du kan bidra til SAIHs arbeid.

Hold deg oppdatert – meld deg på nyhetsbrev

En person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjonEn person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjon
En person som prater inn i en megafonEn person som prater inn i en megafon