Hopp til hovedinnhold

SAIH

Nyhet

Er alle svoltne i Afrika?

Stod på trykk i Redd Barnas Ungdoms blad Press nr 2008 Som bistands- og solidaritetsorganisasjon ser SAIH eit behov for å vere kritiske til fleire områder innanfor bistand. Å tenke over kva som vert presentert i media og i samfunnsdebatten generelt, å tørre å tenkje eigne tankar og vere skeptisk, og det å ikkje ta alt som vert presentert for god fisk, ser SAIH som eit viktig mål for ungdom og studentar i Noreg. Det er viktig å vere kritisk og stille krav til kvalitet i bistandsarbeidet noko som dei fleste kan forstå når ein nemner tema som korrupsjon eller bistandsavhengnad. Like viktige, men kanskje mindre pirrande utfordringar knytt til dette er kva type bistand ein driv; om bistanden er tilpassa lokale forhold og utfordringar og vert implementert på riktige premissar; om den skaper grobotn for reell lokal utvikling; og om den gir rom for lokal deltaking og påverknad. Når det gjeld organisasjonar som driv med bistand er det også heilt sentralt å sjå på problemstillingar knytt til informasjon og kommunikasjon. Informasjonsarbeid er for oss, som for dei fleste organisasjonar som jobbar med utviklingssamarbeid, ein viktig del av arbeidet vi gjer. På grunn av den sentrale rolla informasjonsarbeid har er det viktig å tenkje på kva vi vil med informasjonsarbeidet. Målet med informasjon er ikkje berre å informere, men å utvide horisontar, kaste lys over ulike sider av saker, og ikkje minst få folk til å reflektere. I ei undersøking frå 2007 vart 1000 nordmenn spurt om kva dei forbinder med Afrika. 72 % svarte nød og fattigdom. I ei FN-undersøking, også frå 2007, var eit av spørsmåla: ”Av alle born i skulealder i utviklingsland, kor stor prosentdel trur du går på skulen?”. Av dei som deltok i undersøkinga svarte to av tre at dei trudde det var mellom 1-30 % som gjekk på skulen. Vidare i undersøkinga trur nordmenn konsekvent at situasjonen er mykje verre enn den er. Det er sikkert mange som vert positivt overraska når dei høyrer at 86 % av alle born i skulealder i utviklingsland går på skulen. Det globale Sør vert ofte presentert forenkla og lite representativt, med eit sterkt fokus på det ekstreme. Avsendarane av forenkla bilete av Sør er ofte media og bistands- og nødhjelpsorganisasjonane. Media sine bilete handlar først og fremst om dei tre K-ane: Krig, Katastrofe og Korrupsjon. Organisasjonane sine bilete handlar hovudsakleg om at dei lindrar nød og skapar utvikling. Begge desse framstillingane gjer at mottakarar av informasjon og bilete ofte sit igjen med eit særs unyansert og ofte feil inntrykk av Sør. SAIH meiner ikkje at positive ”gladsaker” om personar som er fattige, men lykkelege, som har song og dans i blodet eller som har fått nye klede frå ein snill ”onkel” i Noreg er det som skal til for å skape eit betre, meir ”riktig” eller meir ekte bilete av Sør. Det som er viktig er å vise at situasjonar og saker har fleire sider og er del av eit breiare bilete, å fremje alternative tema, perspektiv og stemmer, å skildre mangfald blant menneske og samfunn og ikkje berre fokusere på det ekstreme og det negative. Om vi ser på organisasjonane og bistand si rolle i dette finn vi at kommunikasjon, både gjennom media og eigne arrangement, ofte vert styrt av eit behov for å samle inn pengar. Dei store organisasjonane er avhengige av givarar for å få gjort det arbeidet dei gjer, og med utgangspunkt i dette vert tid og ressursar brukt på å føre store marknadsføringskampanjar. Dette er for dei fleste organisasjonar nødvendig for å overleve, og det trenger ikkje vere negativt. Ein kan til dømes gjennom slike kampanjar nå ut med god, nyansert informasjon som får folk til å reflektere mellom anna over kvifor dei vi ønskjer å hjelpe eller vise solidaritet med er i ein annan situasjon enn oss. Utfordringa ligg gjerne i at nyansert, god informasjon ikkje alltid sel bodskapen ”gi pengar” like godt som bilete av bistandsmottakarane som trengande individ som på ulike måtar er avhengige av vår hjelp. Den informasjonen som lettast kjem ut til folk flest framstiller dessverre ofte folk i land i Sør som utan evner til sjølve å endre sine liv, og antyder at positiv endring berre skjer når vi i Vesten sender våre pengar. Samtidig veit vi at bistand fungerer best når dei som sjølve bur i landa er med og utviklar og driv prosjekt, og at det skjer mykje utvikling i land i Sør som ikkje er knytt til vestlege pengar. SAIH meiner det er feil å framstille menneske i Sør som hjelpelause. Vi veit at bistand utgjer ein veldig liten del av all utvikling i land i Sør. Om vi ser på folk som utan eiga vilje vil vi kunne øydelegge den samfunnsutviklinga som må skje i tillegg til bistandsprosjekta.Noko av det som er farleg med den unyanserte og til tider stigmatiserande framstillinga av Sør media eller bistandsorganisasjonar ofte presenterer, er nettopp at dette kan vere eit direkte hinder for langsiktig utvikling og endring. No vil kanskje mange rynke panna og spørje seg korleis det at mange nordmenn passivt tek imot dårleg og unyansert informasjon kan vere eit direkte hinder for langsiktig utvikling og endring for land langt unna. Men det er eit faktum at unyansert og dårleg informasjon om land og aktørar i Sør kan føre til at eit land ikkje vert sett på som ein aktuell partnar i handel eller vert nedprioritert innanfor turistnæringa. Det er viktig å hugse på at det største problemet for eksempel på det afrikanske kontinent ikkje er at afrikanske land får for lite bistand; dei viktigaste hindringane for utvikling ligg blant anna i rammeverk for handel, leiarskap, korrupsjon og manglande investeringar. Bistand kan ikkje løyse desse problema åleine, og er berre ein liten del av den utviklinga som skjer i land i Sør – ei utvikling som ikkje hadde vore mogeleg utan afrikanske initiativ og ressurspersonar. Vi kan ikkje tillate at vår givarglede overskygger sjansen for afrikanarar til å ha eigen agenda og verte sett som aktørar vi ønskjer å samarbeide med. På den måten vil afrikanske land aldri kunne skape ekte utvikling. Det er heilt sentralt å fokusere på nyansert Nord/Sør-informasjon som kan kaste lys over bakanforliggande årsaker som hindrar utvikling i land i Sør. Så kan ein spørje seg kva ansvar bistandsbransjen har for å sørgje for at folk flest mottek god og nyansert informasjon om land i Sør. Bistandsorganisasjonar har ei spesiell rolle i samfunnet, vert sett på som autoritetar på utviklings- og Nord/Sør-spørsmål, og uttalar seg ofte i norsk utviklingsdebatt. Dette er viktige grunnar til at bistandsaktørar må ta på seg eit særskilt ansvar. I tillegg til å jobbe for dei ulike norske organisasjonane og aktørane sine framstillingar av Sør meiner SAIH at det er særs viktig at bistandsbransjen går i bresjen for å etterlyse og lytte til stemmer frå Sør. Det er ikkje norske ”ekspertar” sine meiningar om land i Sør som er viktig. Gjennom å få høyre tankar, spekulasjonar, krav og ønskjer frå eit bredt spekter av relevante aktørar i landa det gjeld, vil aktørar i Noreg kunne gjere seg opp eigne meiningar. Gjennom å byggje opp kunnskap for å skape forståing mellom aktørar i Sør og Nord håper SAIH at ein kan leggje grunnlaget for ekte solidaritet basert på kunnskap og gjensidig forståing.Sigrun EspeNestleiar i SAIH

Nyheter som engasjerer i kampen for utdanningsrettferdighet

A diverse group of six people laughing and smiling outdoors against a green leafy background.A diverse group of six people laughing and smiling outdoors against a green leafy background.

Nyhet

From Pretoria to Oslo to Chiang Mai

My Experience as a NOREC Research Exchange Participant.

Les nyhet
A woman in an orange t-shirt with crossed arms and a serious expression stands against a cloudy sky.A woman in an orange t-shirt with crossed arms and a serious expression stands against a cloudy sky.

Nyhet

Arbeiderpartiet raserer norsk utdanningsbistand

Regjeringen sier at «arbeid for alle» skal være jobb nummer én i utviklingspolitikken. Samtidig fortsetter Arbeiderpartiet å kutte i støtten til utdanning, en av de viktigste forutsetningene for både arbeid og utvikling.

Les nyhet
A diverse group of 10 smiling people pose on an outdoor platform with a red railing and scenic background.A diverse group of 10 smiling people pose on an outdoor platform with a red railing and scenic background.

Nyhet

Utveksling for unge forskere: Kampen mot antirettighetsbevegelser

SAIH søker to unge forskere med interesse for sosial rettferdighet og påvirkningsarbeid til et ettårig internasjonalt utvekslingsprosjekt i Norge, Sør-Afrika og Thailand. Søknadsfrist: 8. november.

Les nyhet
A young blonde woman speaks into a microphone, with large orange text "LEDER FOR EN DAG?" to her left.A young blonde woman speaks into a microphone, with large orange text "LEDER FOR EN DAG?" to her left.

Nyhet

Leder i SAIH for en dag

Har du lyst til å teste hvordan det er å lede en organisasjon, møte politikere og være med på å påvirke saker som betyr noe? På OD-dagen søker vi en elev i videregående skole som får ta over som leder i SAIH for en dag.

Les nyhet
Promotional poster for Afghanistan Week 2026 featuring six speakers and a moderator with their affiliations, against a teal background with a faded image of a person writing on a chalkboard, and organizational logos.Promotional poster for Afghanistan Week 2026 featuring six speakers and a moderator with their affiliations, against a teal background with a faded image of a person writing on a chalkboard, and organizational logos.

Nyhet

Afghanistanuka 2026: Hvordan holde høyere utdanning i live i Afghanistan?

Som en del av Afghanistan Uka 2026 inviterer SAIH og Afghanistankomiteen til et seminar om hvordan høyere utdanning kan holdes i live for kvinner i Afghanistan. Bli med på Kulturhuset 28. oktober, 10:30-12:00. Meld deg på her.

Les nyhet
A young woman in an orange t-shirt with crossed arms stands against a grey wall.A young woman in an orange t-shirt with crossed arms stands against a grey wall.

Nyhet

Ragebait fra KrFU?

En stor del av meg håper nesten det er det, for hvis de faktisk mener hatparagrafen må bort, er det langt mer alvorlig.

Les nyhet

Engasjer deg

Oppdag hvordan du kan bidra til SAIHs arbeid.

Hold deg oppdatert – meld deg på nyhetsbrev

En person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjonEn person med munnbind og solbriller. Basert på bakgrunnen skjønner vi at denne personen deltar i en demostrasjon
En person som prater inn i en megafonEn person som prater inn i en megafon