Nyhet
Community Development and AIDS Outreach Projects
(image) CDOP er ein grasrotorganisasjon i Pietermaritzburg, KwaZulu-Natal, som vart etablert i 1994. Bakgrunnen for etableringa var ei behovsundersøking i områda kring Pietermaritzburg som avdekka at det var lite eller ingen informasjon om hiv/aids-situasjonen, og heller ingen organisasjon som hadde teke opp denne utfordringa. CDOP opererer gjennom tematiske aktivitetsgrupper. Desse er hovudsakleg ”Inntektsskapande Aktivitetar” og ”Ungdomsgrupper”.
Styret er sett saman av medlemmar i målgruppene som organisasjonen arbeider med, feltarbeidarar og sekretariatet. SAIH støtta fyrst hiv/aids-arbeidet til CDOP med midlar frå NORAD. I 2005 kom CDOP med i Ungdom mot vald-programmet til SAIH som erstøtta av OD-2004.
OD-2004: Ungdom mot vald:Kvar av ungdomsgruppene har kring 20 medlemmar. Kvar av medlemmane i ungdomsgruppene er forventa sjølve å ha ei grupper. Gruppene møtes vanlegvis ein gong i veka. Det er mykje opp til gruppene sjølve kva dei gjer på gruppemøta. Ofte øver dei på dramatiseringar av bodskap om hiv/aids, og førebygging av vald og kriminell aktivitet. Dei lagar eigne dramatiseringar, og legg mykje av seg sjølv inn i dramatiseringane.
Gruppemedlemmane seier at dei gjennom gruppa får tilhøyrsle og vener, og lærer om førebyggjande aktivitetar både innan hiv/aids og vald. CDOP arrangerer i tillegg opplæringsprogram for medlemmane i gruppene. I tillegg til å gje leiaropplæring, tek desse opplæringskursa for seg aspekt ved hiv/aids, vald og kriminalitet.