Nyhet
CDP direktøren tildelt det kvite banner
Bakgrunnen for tildelinga er arbeidet Charlotte har gjort for bygginga og styrking av kvinner sin status og rettar i samfunnet og dei resultata organisasjonen ho er tilknytt kan visa til.
Det White Ribbon vert delt ut årleg av organisasjonen Kvinner krev Respekt (Women Demand Dignity (WDD)). Dette er ein Sørafrikansk organisasjon som vart skipa av Jane Raphaely og Nomfundo Walaza. Kriteria for utdelinga er :
1) Å markere og æra personar som aktivt har bidrege i kampen mot vald og overgrep mot kvinner og born i samfunnet vårt.
2) Dei utvalte personane har utrettleg arbeid mot eit mål.
3) Og dei har lukkast i arbeidet sitt.
SAIH har kjent Charlotte Schare sidan tidleg på 1990 talet, ho har vitja Norge fleire gonger og . SAIH kjenner henne likevel best som ei kunnskapsrik kvinne, eit arbeidsjern og ei omsorgsfull kvinne.
SAIH er stolt av å ha Charlotte Schare som ein medspelar i arbeidet for å betra kvinner sine levekåra, og nedkjemping av vald og overgrep mot kvinner.
SAIH gratulerer Charlotte med både utmerkinga og resultata av arbeidet hennar så langt, og ynskjer henne lykke til i det vidare arbeidet.
Les mer om CDP her