Nyhet
Auka støtte til SAIH
Dette synes sjølvsagt Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) er svært positivt, både fordi det viser eit engasjement blant studentane og fordi det gjev oss mulegheita til å auke støtta til utdanningsprosjekt i Sør.
(image) Den auka støtta frå SiO betyr at SAIH vil få rundt éin million kroner meir kvart år. Dette er like mykje som det kostar å drive viktig lærarutdanning på Atlanterhavskysten av Nicaragua. Mange av dei som underviser der har sjølv ikkje avslutta grunnskuleutdanning. SAIH støtter FADCANIC, ein organisasjon som bidreg til nivåheving og lærarutdanning til ufaglærte som allereie arbeider i skuleverket.
(image) I tillegg er det viktig for SAIH og FADCANIC at utdanninga er relevant i forhold til lokal kultur, språk og historie. Med ein million kroner meir i året, kan SAIH støtte prosjekt som gir fleire menneske mulegheit til å ta slik utdanning. Utdanning på egne premisser er noko vi i Noreg ofte tek for gitt.
SAIH driv ikkje eigne prosjekt, men jobbar saman med lokale organisasjonar og institusjonar. Gjennom SAIH støttar studentar i Noreg utdannings- og opplæringsprosjekt i det sørlege Afrika og i Latin-Amerika. I tillegg til bistand jobbar SAIH også med informasjon i Noreg og for å påverke norsk utviklingspolitikk. SAIH-tiarane blir mangedobla gjennom støtta vi får frå Norad.
”Historien om SAIH er ein fortelling om ein global visjon. Studenter har sett at de kan slå et slag for medmennesker som har større problemer enn nedbetaling av studielån.” Dette sei Gunnar Stålsett, som var med på å starte SAIH då han sjølv var student. Takka vere tiarane frå 115.000 norske studentar kan SAIH støtte gode utdanningsprosjekt i land i Sør. Det er heilt tydeleg at studentar i Noreg bryr seg om verda utanfor lesesalen. Vi takkar for SAIH-tiarane, og for tilliten frå Velferdstinget og SiO!
Innlegget sto på trykk i Universitas 12. mai 2005.