Nyhet
Studentleiarar lauslatne
Leiaren av Zinasu, Promise Mkwananzi, var ein studentleiarane som politiet i Bulawayo arresterte onsdag 17. januar. Allereie før arrestasjonane var det planlagt at Promise og koordinator Washington Katema skulle komme til Noreg i samband med ISFiT, og dei siste vekene har SAIH utarbeida ei reiserute for dei to zimbabwarane.
Før dei kjem til Noreg skal Promise og Washington besøke den nasjonale studentunionen i Storbritannia. Etter ankomsten i Oslo 14. februar kjem dei til å vitje SAIH sine lokallag på Ås og Blindern onsdag og torsdag, før dei reiser vidare til Trondheim og ISFiT fredag. Torsdag 22. februar kjem dei til å delta på eit arrangement i regi av SAIH Trondheim, og søndag 25. februar reiser dei til Bergen for å helse på lokallaget der. Dei er tilbake i Oslo 27. februar, og reiser heim att til Zimbabwe dagen etter.
SAIH er svært glade for lauslatinga av dei arresterte studentleiarane, og ser fram til å møte Promise og Washington. Samstundes ser vi at hendingane i Bulawayo føyer seg inn i eit urovekkande mønster. Det kan sjå ut til at vilkårlege arrestasjonar med påfølgande raske lauslatingar er eit middel styresmaktene bruker for å undertrykke meiningsytringar frå zimbabwarar i opposisjon til presidenten. Noko som kan tyde på dette er at det ikkje blir teke ut formelle tiltalar i samband med slike arrestasjonar. SAIH fordømmer denne praksisen, som viser at Zimbabwe langt i frå kan seiast å vere eit velfungerande demokrati.
For meir informasjon, sjå tidlegare artikkel. Spørsmål? Kontakt oss på Jonas.Holmqvist@saih.no 21 06 34 74/ 70