Nyhet
Pietermaritzburg Agency for Christian Sosial Awareness
(image) Partnerskapet med PACSA ble avsluttet i 2009.
PACSA er ein frivillig økumenisk organisasjon som vart etablert 1979 i Pietermaritzburg, i provinsen KwaZulu-Natal. Organisasjonen er basert på ideala fridom, likskap, menneskeverd og gjensidig respekt. PACSA søkjer å integrera hiv/aids i alle programma sine.
Prosjektsamarbeidet mellom PACSA og SAIH starta i 2005 gjennom støtte til konflikttransformasjonsprogrammet. Dette vart ein del av Ungdom mot vald-programmet til SAIH.
OD-2004: Ungdom mot vald:PACSA-programmet legg til rette for dialog mellom ungdom om utfordringar dei møter, og korleis dei kan løysa problem seg i mellom og med samfunnet kring dei. Programmet er delt inn i to prosjekt: eit ”empowerment”-prosjekt etterfylgt av eit lærlingprosjekt. I empowerment-prosjektet arbeider dei med tema som ungdom sitt sosiale ansvar, lokalt styresett, kjønnsspørsmål, konflikt, rus og hiv/aids. Andre tema som ungdommane sjølve har identifisert blir òg tekne inn i programmet. Lærlingprosjektet har som mål å få ungdommen i arbeid.