Nyhet
"Ein magisk trylledrikk"
(image) Statssekretær Ingrid Fiskaa (SV). Foto: SAIH. - Sjølv om det er avgrensa kva Norge kan gjera for å betra situasjonen for utdanning globalt, kan me bidra til å skapa ein dynamikk der eigne styresmakter vert stilt til ansvar. Innbyggjarar i alle land bør krevja av styresmaktene sine at alle skal ha lik rett til utdanning, seier Ingrid Fiskaa (SV), statsekretær i Utanriksdepartementet.
Ho har sjølv bakgrunn som lærar, og meiner ein må sjå på utdanning som ein “magisk trylledrikk”. Fiskaa er særleg oppteken av jenter sin tilgang til og deltaking i utdanning.
- Den som tek utdanning kan gjera mange fleire val i livet og har dermed også høve til å bryta ut av fattigdom. Utdanning er utviklande for den einskilde og dermed for heile samfunnet. Dette gjeld særleg når jenter får utdanning.- Kva kan DU gjera for å bidra til “utdanning for frigjering”?- Eg kan jobba saman med SAIH for at fleire menneske får realisert si rett til utdanning, avsluttar Fiskaa.