Nyhet
Bolivia: Urfolk krev oljepause
(image) Urfolksgruppa guaraní gjekk i april i år over 9 mil til fots til regionshovudstaden med krav om at president Evo Morales respekterer deira rettar som urfolksgruppe
Utløyser nasjonal debattSAIH sin partnar i Bolivia, CEADL, publiserte nyleg eit tidsskrift som skapte overskrifter i nasjonal presse. Dei presenterte den grunnleggande utfordringa styresmaktene i landet står overfor når dei samstundes med å verna om natur og urfolksrettar vil utvinna olje og gass i sårbare områder. Nett som i Noreg skaper denne problemstillinga nasjonal politisk debatt.
CEADL sitt tidsskrift presenterer situasjonen i nasjonalparken Aguaragüe i Amazonas-regionen i Bolivia. Gamle oljebrønnar er forlate i regionen, utan at det er blitt rydda opp. Konsekvensane er store både for naturen og urfolksgruppa Guaraní. ”Vatn er vårt daglege brød og er det første me drikk når me står opp. Olje renn derfor i årene våre, etter så mange år med forureina vatn”, uttaler David Benítez i ein av artiklane.
Politisk pressUrfolksgruppa guaraní gjekk i april i år over 9 mil til fots til regionshovudstaden med krav om at president Evo Morales respekterer deira rettar som urfolksgruppe. Dei følgde opp med blokade av grensevegen til Argentina. Det fekk styresmaktene i dialog, og dei lova å gjera ei miljøanalyse og rydda opp i dei forlatne oljebrønnane. Dei var derimot ikkje mottakelege for bodskapen om stans i vidare utvinning. Organisasjonen for Guaraníindianarar, APG, vil kjempa vidare for sine krav og rettar.
CEADL vil gjennom prosjektet Observatoriet for Bolivias naturressursar (støtta av SAIH gjennom Olje for Utvikling/Norad) følgja opp saka med både informasjon og politisk press. Regjeringa i Bolivia bryt med eiga grunnlov dersom dei overser guaraníindianarane sine rettar og krav, meiner CEADL.
Her finn du CEADL sitt tidsskrift som presenterer situasjonen og konflikten mellom styresmaktene i Bolivia og urfolksgruppa Guaraní.
Her finn de eit av avisoppslaga, i avisa Cambio: