Oppropet ble avsluttet 1.mai 2009

Vest-Sahara er okkupert!
Vest-Sahara var spansk koloni fram til midten av 1970-tallet. Då Spania trakk seg ut i 1975, gjekk Marokko inn med styrkar og okkuperte hovudstaden. Den internasjonale domstolen i Haag godtok i 1975 POLISARIO sitt krav om at innbyggarane skulle få stemme over sjølvstende, men FN-styrken i landet har til dags dato ikkje vore i stand til å gjennomføre folkeavstemming i området. Situasjonen er fastlåst, og sidan 1980 har landet vore splitta i to av ein 2 200 km lang minebelagt forsvarsmur bygd av Marokko. Om lag 165 000 saharawiar bur i dag i flyktningleirar i Algerie.
Saharawiar har rett til folkeavstemming!
Rett til sjølvbestemming ligg i kjernen av menneskerettssituasjonen i Vest-Sahara. Dette er ein menneskerett ifølge FN-konvensjon om sivile og politiske rettar. Ein fersk rapport peikar på at marokkanske myndigheiter undertrykker saharawiar sine rettar gjennom ulike lover, vilkårlege arrestasjonar, urettferdige rettssaker, og ustraffa politivald.
Norsk næringsliv ut av Vest-Sahara!
Internasjonale og norske næringslivsaktørar er aktive i okkupert Vest-Sahara. Dei bidreg til å støtte okkupasjonsmakta, til tross for offisiell norsk politikk som frårådar dette. Norske selskap er med på å plyndre Vest-Sahara sine naturressursar, i strid med saharawiane sine eigne ønske. Saharawiske menneskerettsaktivistar oppfordrar norske og internasjonale selskap til å halde seg unna. Meir om ressurstjuveriet her (vest-sahara.no)
Sei i frå! Krev at:
- norske myndigheiter tydeleggjer at okkupasjonen av Vest-Sahara er uakseptabel.
- marokkanske myndigheiter tillet folkeavstemminga i Vest-Sahara og stoppar dei omfattande menneskerettsovergrepa mot det saharawiske folk.
- norske selskap avstår frå å ta oppdrag som bidreg til å plyndre Vest-Sahara sine naturressursar.
Kampanjen er avsluttet
Totalt 637 skrev under på oppropet
Underskrifter
01.05 Skjalg Rørtveit (vennskap nord/sør)
01.05 Steffen Falkevik (Ålesund)
01.05 John Inge Leira Bjøringsøy (Sund FHS, Inderøy)
01.05 Bente Najana Kvernmo (UIO)
01.05 Hanna Knutsen (NTNU)
01.05 Marie Palm (uib)
01.05 Thor Arne Bruaas Hopland (Bergen Kommune)
01.05 David Urnes Johnson (University of Florida)
01.05 Farid Mammadli (HiST)
01.05 Leen Lesire
01.05 Philip Hauge
01.05 Ragnhild Næprud (HiVolda)
01.05 Martin Uthaug (Island)
01.05 stine sørlie (UiB)
01.05 maria fonfara (freelance)
01.05 Hanne Brekken Oppedal (NTNU)
01.05 Camilla Svendsen Skriung (Universitas)
01.05 Nikolai Aasen (Wang)
01.05 Joakim Tetlie (Arbeiderbevegelsens Folkehøgskole i Ringsaker)
01.05 Line Therese H. Dahl (Universitetet i Bergen)
01.05 Bård Ove Myhr (CanaryLife Media)
01.05 sonia rossetti (Wollongong, Australia)
01.05 Xavier Marzal Abarca (Engineer )
01.05 Martin Dewhurst (Manchester)
01.05 Dr Nicholas Brooks (University of East Anglia, UK)