SAIH - Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond

Du er her: saih.no: Bistand : Sør-Afrika

SAIH i Sør-Afrika

SAIH vart starta på 1960-talet. Kampen mot apartheid i Sør-Afrika og for frigjering var byggjesteinar i framveksten av visjonen til SAIH. Noko av det fyrste SAIH gjorde var å gje stipend til svart ungdom slik at dei kunne studera i Lesotho, Botswana mfl. Grunnlaget for mottoet til SAIH - utdanning for fridom - låg her.

Foto: Inger Heldal

SAIH har vore i Sør-Afrika sidan då, stipendstøtte held fram, etter kvart vart det også konkret støtte til fridomskampen. Mykje av denne støtta gjekk via andre europeiske organisasjonar. 

1994: eit nytt demokratisk Sør-Afrika
Med frigjeringa i 1994 vart det endringar i relasjonen til Sør-Afrika. SAIH kunne deretter opent støtta partnarar. SAIH var til dømes med på å starta Interfund i 1986 og all støtte i fyrste omgang gjekk gjennom denne organisasjonen. SAIH hadde over lenger tid utstasjonert eigen medarbeidarar som arbeidde ut frå Interfund sine lokale og fokuserte på SAIH sine prosjekt. SAIH valgte tidleg på 2000-talet å avslutte samarbeidet med Interfund, og held fram støtta til partnarane direkte frå Noreg.

SAIH fokuserte tidleg på hiv/aids i Sør-Afrika, men har også hatt prosjekt med fokus på yrkesutdanning.

Kva gjer vi der i dag
SAIH har tre programmer i Sør-Afrika:  

  • Utdanning for å styrke unge kvinners politiske og sosiale deltagelse i Sør-Afrika,
  • Utdanning til frigjøring for skeive ungdommer i sørlige Afrika
  • Seksuelle og reproduktive rettigheter i høyere utdanning i sørlige Afrika.

SAIH samarbeider med 5 partnarar i Sør-Afrika om dette arbeidet. Les mer om partnerne her


 
 
 
 

Kjersti Augland

Programrådgiver sørlige Afrika
Telefon
(+47) 21 06 34 78

E-post

Comments powered by Disqus

Sør-Afrika

Storgata 11, 0155 Oslo
work Telefon: 21 06 34 70

fax Faks: 21 06 34 71