SAIH i Bolivia
Foto: Arnfinn Paus
OD 92: Indiansk utdanning på eigne premiss
SAIH sitt arbeid med urfolksrettar vart starta med midler frå Operasjon Dagsverk-kampanjen i 1992. Tema for kampanjer var ”Indiansk utdanning på eigne premiss”. OD-kampanjen var del av den norske solidariteten med den latinamerikanske kampanjen ”500 års motstand”, og var eit samarbeid mellom OD og SAIH, Regnskogfondet, Utviklingsfondet og Norsk Folkehjelp. Fleire av SAIHs noverande samarbeidspartnarar i Bolivia fekk midler fra OD’92-kampanjen.
Urfolksungdom med rett til relevant utdanning og deltaking
Etter oppstarten gjennom OD 92 har SAIH halde fram med fokuset på urfolksrettar og utdanning, gjennom vidareutvikling av samarbeid og nye satsingar. Den politiske og sosiale situasjonen for urfolk i Bolivia er i dag svært ulik situasjonen i 92, og SAIH har følgd denne utviklinga nøye. SAIH har lang erfaring med arbeid på høgsletta i Bolivia, men samarbeider i dag og med partnarar med nasjonalt fokus. Målgruppa er ungdom mellom 15 og 35 år frå ulike urfolksgrupper.
SAIH har frå 2009 til 2012 to program i Bolivia. Programmet ”Høgare utdanning for urfolksungdom i Bolivia” fokuserer på urfolksungdom sin rett til relevant og god utdanning. Bolivia fekk ny grunnlov i 2009, som styrkjer urfolk sine rettar. I den vidare prosessen er det naudsynt med fleire med kompetanse i interkulturell og fleirspråkleg utdanning, særskild innanfor undervisningssektoren. Samstundes har urfolksungdom rett til relevant og god utdanning som tek utgangspunkt i og støttar opp om eigen kultur og identitet. SAIH sine partnarar i programmet tilbyr slik høgare utdanning til ungdom frå ulike urfolksgrupper i Bolivia.
Programmet ”Utdanning for urfolksungdom si deltaking i Bolivia” har som mål å styrkja urfolksungdom si deltaking og påverknadskraft i samfunnet. Dei ulike SAIH-partnarane gir opplæring i rettar, leiartrening og driv politisk påverknadsarbeid. Gjennom uformell og ikkje-formelle utdanningsaktivitetar styrkjer urfolksungdom sin kunnskap og vert gitt rom til å delta aktivt som endringsaktørar i eige liv og samfunn.
Historisk bakgrunn
Bolivia ble selvstendig republikk i 1825 da landet frigjorde seg fra koloniherren Spania. Fram til 1980-tallet var landet preget av politisk og økonomisk ustabilitet, og totalt 188 statskupp står notert i historiebøkene som bevis på den politiske kampen mellom overklassen og det militære. Det indianske flertallet har i svært liten grad fått rom til å delta i denne kampen som selvstendige aktører inntil helt nylig. Les mer >
Alberto Valiente Thoresen
BOLIVIA
Styreform:
Republikk
Flateinnhold:
1 098 580 km2
Hovedstad:
Sucre (off.), La Paz (adm.)
Folketall:
9,7 mill (est)
Forventet levealder (ved fødsel):
66,8 år (est)
Spedbarnsdødelighet:
44 per 1 000 (est)
Religion:
Romersk-katolsk 95%, protestanter (evangeliske metodister) 5%
Alfabetiseringsgrad (over 15 år):
86.7% (menn: 93.1%, kvinner: 80.7%) (2009)
Språk:
Spansk, aymará og quechua (pluss flere urfolksspråk)
BNP pr. innb.:
4 500 USD (2008 est)
Utenlandsgjeld:
5 916 mrd USD (2006 est)
Eksportartikler:
Naturgass, soyabønner og –produkter, råolje, sink, tinn