Urfolksperspektiv på klimakrisa
Onsdag 09. juni 2010
Frå "Verdskonferansen om klimaendringar og Moder Jord sine rettar” i Cochabamba, Bolivia
Evo Morales sin hovudbodskap under besøket i Noreg i mai hadde fokus på miljø, og han deler synet som SAIH sine partnarar har: For å stansa klimaendringane må ei grunnleggande endring til i måten me lever på her i Nord. Det er dei rike landa som er årsak i miljøkrisa, og dei har hovudansvaret for å løysa den.
Sjølv om miljø aldri har vore hovudsatsing for SAIH sine partnarar i Bolivia, står tema no høgt på agendaen. I forkant av Cochabamba-konferansen i april kom partnarane med ei felles erklæring om klimakrisa. Den vart distribuert på konferansen, og omhandla sentrale punkt som t.d. Moder Jord sine rettar. Partnarane i Bolivia ser utdanning som heilt sentralt for å snu klimakrisa. Opplæring gir høve til endra praksis for å ta vare på miljøet som enkeltindivid. Samstundes peiker partnarane på at utdanning er viktig for korleis ein tenkjer om Moder Jord og om årsaka og løysingane på klimakrisa. Urfolk sine tradisjonar og verdsbilete er viktig, då forholdet til jorda ikkje er som eigar eller brukar, men som ”levande vesen”. Dette verdsbiletet og praksis som respektere dette, bør ikkje berre bli vidareført til nye generasjonar i Bolivia, men og til rike land.
Arnhild Helgesen (programrådgiver) og Maria G. Roaas (nestleiar) deltok på konferansen.