SAIH - Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond

Utdanning for frigjøring

Nord/sør-suksess 8. mars

På sjølvaste kvinnedagen 8. mars arrangerte SAIH Bergen seminar over temaet trafficking. Dei som hald føredraget var Ingeborg Hauge og Lene Franco-Steine frå Røde Kors samt Linda Ervik og Jarle Bjørke frå EXIT-prosjektet i politiet.
Torsdag 11. mars 2010

Kvinner er ikkje prostituerte, dei driv prostitusjon, seier Ingeborg Hauge frå Athena-prosjektet

Røde Kors i Bergen arbeider med prosjektet Athena, som er det einaste av sitt slag i Noreg. Prosjektet rettar seg mot utanlandske kvinner i sårbare situasjonar, blant anna kvinner i prostitusjon. Hauge og Franco-Steine understreka kor viktig bruk av rette omgrep er: Det handlar om kvinner i prostitusjon, ikkje prostituerte - prostitusjon er ei handling, ikkje ein eigenskap. Det fins like mange historier som det fins kvinner i prostitusjon. Hauge fortalde også at det har kome mange kvinner frå Nigeria dei siste åra. Gjennom Athena har Røde Kors blitt kjend med miljøet og dei ulike historiene til kvinnene og vi fekk høyre nokre av desse.     

 

 

Mannen i Noreg er ein stor del av problemet, seier Jarle Bjørke frå politiet og viser til tanken om tilbod og etterspurnad.

Hordaland Politikammer, som er pionerar i EXIT-prosjektet, viste til at det sannsynlegvis er meir slavehandel i dag enn nokon gong tidligare i historia. Menneskehandel og narkotikahandel konkurrerer om 2. og 3. plassen i internasjonal illegal omsetning, berre forbigått av ulovleg våpenhandel. Der er ingen tvil om at pengar er den største motivasjonen for verksemda, og det er bakmennene som sit igjen med profitten. Kvinnene tener ikkje mykje, i tillegg er det ikkje uvanleg at dei kjem til Noreg med ei gjeld på rundt 400.000-500.000 kroner. Politiet gjorde det klart at dersom ein klarer å løyse problemet med fattigdom så løyser ein også problemet med menneskehandel. Bjørke kritiserte også media si omgrepsbruk og understreka kor viktig tillit er i samarbeidet med dei prostituerte. Dei la også vekt på at det er eit marknad styrt av tilbod og etterspurnad. Utan dei norske kundane, som i hovudsak er menn, ville ikkje trafficking vore eit like stort problem.  

 

Me takkar føredragshaldarane for interessante framlegg, samt dei mange i salen som møtte fram på Kvinnedagen.  Me gler oss til å sjå dykk på neste Nord/sør-seminar også.

 

 




Storgata 11, 0155 Oslo
work Telefon: 21 06 34 70

fax Faks: 21 06 34 71