SAIH - Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond

Utdanning for frigjøring

50 % av ministrane i Bolivia er kvinner

For første gong i historia er 50 % av ministrane i den bolivianske regjeringa kvinner. President Evo Morales vart gjenvald i desember, og starta sin andre periode med eit viktig steg for likestilling mellom kvinner og menn i Bolivia.
Av Arnhild Helgesen
Onsdag 27. januar 2010

Casimira Rodriguez, tildlegare leiar av FENATRAHOB og den første justisministeren i Evo Morales si første regjering.

Urfolks- og kvinneorganisasjonar har i samband med innsetjinga av den nye regjeringa, forfatta ei fråsegn der dei gratulerer president Morales med store framsteg, og viser til at dette er eit viktig resultat av kampen for kvinner sine rettar gjennom mange år. Ein av organisasjonane bak fråsegna, er SAIH sin partnar FENATRAHOB. FENATRAHOB er hushjelpene si fagrørsle, som speler ei viktig rolle for å sikra kvinner sine rettar i Bolivia.

 

 

Samstundes med at organisasjonane gratulerer presidenten og den nye regjeringa, legg dei vekt på at det framleis er mange hinder for likestilling mellom kjønn. Dei to første utfordringane dei peiker på, er å sikra 50 % kvinner ved fylkes- og lokalvalet i april i år. I tillegg krev organisasjonane at regjeringa må etablera ein eigen instans for kvinner i regjeringsapparatet og setja av ressursar til dette, for å sikra at likestilling vert inkludert i all offentleg politikk og praksis.

Les MercoPress si sak om likestilling i den bolivianske regjeringa her (engelsk).


Utarbeidet med økonomisk støtte fra Norad
Publiseringsløsning fra Noop
Storgata 11, 0155 Oslo
work Telefon: 21 06 34 70

fax Faks: 21 06 34 71