SAIH - Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond

Utdanning for frigjøring

Historisk høg politisk deltaking av kvinner i Bolivia

Valet i Bolivia i viser den høgste deltakinga av kvinner i nasjonal politikk i Bolivias historie. 30 % av representantane i den lovgivande forsamlinga er no kvinner.
Av Arnhild Helgesen
Torsdag 10. desember 2009

Historisk valresultat
Det nyleg gjennomførte valet i Bolivia gav president Evo Morales og MAS (Movimiento Al Socialismo) ein historisk høg oppslutnad. Presidenten vart gjenvald med 62,5 % av stemmene, i eit val som vert evaluert positivt av internasjonale valobservatørar frå m.a. Noreg og EU.

Valet var og ein historisk siger for kvinneorganisasjonar og andre som gjennom mange år har arbeidd for å auka kvinner si deltaking i boliviansk politikk. Totalt er no 30 % av representantane i lovgivande forsamling (Asamblea Legislativa Plurinacional) kvinner, 47 % i senatet og 25 % av parlamentsmedlemmene. Den høgste representasjonen tidlegare var i 2002, med 14,8 % i senatet og 18,5 % av parlamentsmedlemmene.

 

Kvinner ved SAIH-støttede CDIMA

Resultat av 20 år med hardt arbeid
SAIH sin partnarorganisasjon CDIMA, feira i oktober 20års-jubileum. Dei har sidan starten arbeidd for å auka urfolkskvinner si deltaking i politikken, på alle nivå. I samband med feiringa av jubileet, er det gitt ut ei bok som skildrar organisasjonen si historie og resultat dei har oppnådd. Tusenvis av kvinner har gjennom dei 20 åra fått leiartrening, og mange av dei har nytta kunnskapen i eigne organisasjonar eller på politisk nivå. Ei endå større gruppe kvinner har gjennom radiosendingar fått kunnskap om eigne rettar og styrkja sin kulturelle identitet. Forfattaren av boka om CDIMA, avsluttar med orda: ”Den pågåande politiske endringsprosessen [i Bolivia], med innføring av ein fellesskapsbasert sosialisme (i prosess) ville ikkje vore mogleg utan den sterke innsatsen frå CDIMA og andre allierte organisasjonar og institusjonar”. (Pati Paco, Pelagio 2009 Desde las mujeres aymaras para naciones originarias: 115).

Målet ikkje nådd
Trass i ein historisk høg kvinneleg prosentdel i lovgivande forsamling, er ikkje grunnlova (2009) sin målsetnad om 50 % representasjon nådd. Kvinneorganisasjonar i Bolivia vil derfor halda fram med å arbeida for å auka representasjonen. Paraplyorganisasjonen av kvinneorganisasjonar ”Coordinadora de la Mujer”, krev m.a. at Evo Morales følgjer opp med 50 % kvinnelege ministrar i si nye regjering, og dei satsar sterkt for å få fram kvinnelege kandidatar til fylkes- og lokalvalet i mars 2010.

 



Utarbeidet med økonomisk støtte fra Norad
Publiseringsløsning fra Noop
Storgata 11, 0155 Oslo
work Telefon: 21 06 34 70

fax Faks: 21 06 34 71