SAIH - Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond

Utdanning for frigjøring

Resirkulering for urfolksutdanning

Freddy sel brukte t-skjorter med nytt trykk for å setja fokus på miljø og rettferd. Inntektene frå salet i 2009 går direkte til SAIH sin partnar i Bolivia, Funproeib Andes, og deira arbeid for utdanning for urfolk.
Av Arnhild Helgesen
Onsdag 24. juni 2009

Runa Brandal Myklebust, leiar i Freddy og Monica Navarro frå Funproeib Andes

Fokus på viktige saker
- Ideen bak Freddy er "Resirkulering for rettferd". Vi vil bidra til bevisstgjering rundt, og redusering av, det enorme overforbruket i Noreg samtidig som vi støttar eit årleg valt freds- eller utviklingsprosjekt i Sør, seier Runa Brandal Myklebust, leiar i Freddy.
- Vi ønsker å støtte prosjekt som bidrar til ei positiv forandring, og som medverkar til demokrati- og fredskapande arbeid. Samtidig ønsker vi å kunne bidra til økt merksemd i Noreg rundt saka prosjektet vi støttar. Vi støtta i 2007 arbeidet til ein lokal barneheim/helsesenter i Lubumbashi i D.R. Kongo, og i 2008 skulen SSSNY i Burma som jobbar med å utdanne unge flyktningar frå Shan-regionen i landet til å kunne bidra til langsiktig forandring. Funproeib Andes vart valt i samarbeid med SAIH, og passar godt til profilen til Freddy. Vi meiner dei utfører eit svært viktig arbeid for rettferd som vi gjerne ville vere med å støtte. 

Utdanning for rettferd
- Å støtte utdanningsprosjekt for urfolk er å støtte arbeid for rettferd. Urfolk i Sør-Amerika (og i resten av verda) har systematisk vorte vidare marginaliserte gjennom urettferdige utdanningssystem. Her meiner vi Funproeib Andes sitt arbeid for tospråkleg interkulturell utdanning kan påverke til positiv forandring.
T-skjortene til Freddy kan kjøpast på ulike festivalar og marknader. I år blir dei mellom anna bli å finne på Hovefestivalen og på søndagsmarkedet på Blå. Vi lyser ut salsstader både på nettsida vår, www.fredensborger.no, og på Facebook-gruppa "Resirkulering for rettferd". Gjennom vårt nye samarbeid vil også SAIH bidra til at t-skjortene vert kjende, og SAIH sine lokallag vil få høve til å selja t-skjortene. Freddy vil også selja på ulike festivalar i sommar.

For meir informasjon om SAIHs og Freddys samarbeidsorganisasjon, sjå www.proeibandes.org

For meir informasjon om utsalsstader og kontakt, sjå www.fredensborger.org

 

Thom Hell med FREDDY-skjorte på Hovefestivalen. Foto: Tom Ivar øverlie, NRK P3


Utarbeidet med økonomisk støtte fra Norad
Publiseringsløsning fra Noop
Storgata 11, 0155 Oslo
work Telefon: 21 06 34 70

fax Faks: 21 06 34 71