SAIH - Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond

ANC 96 år! Men forbetringane let vente på seg!

For 96 år sidan vart ANC (African National Congress) stifta. Sidan 1994 har partiet hatt regjeringsmakta i Sør-Afrika, og det vart stilt store forventningar til endring og forbetring.
Av Hermund Tvilde
Onsdag 23. januar 2008

Foto: Inger Heldal

Nelson Mandela var president i Sør-Afrika til 1998 då dåverande ”kronprins” Thabo Mbeki tok over presidentembete både i ANC og i Sør-Afrika. I desember 2007 var det på nytt val på president i ANC. Heilt sidan 2005, då Thabo Mbeki avsette Jacob Zuma som visepresident, har det i ulike former føregått valkamp. Hovudkandidatane skilde seg etter kvart ut til å verta nettopp Thabo Mbeki og Jacob Zuma.

 

ANC har vore det dominerande partiet i Sør-Afrika med kring 70% av stemmene; å vera president i partiet har også betydd å vera partiet sin kandidat til presidentembete i Sør-Afrika. Ettersom valet  skreid fram vart det klart at Thabo Mbeki ville tapa.

Ein av grunnane til at Thabo Mbeki tapte var at han i liten grad har lukkast i å betra levekåra til det svarte fleirtalet i landet. Han gjorde mykje for økonomisk vekst i landet, men det generelle inntrykket er at ein liten kvit og svart elite har nytt godt av denne veksten, medan den har ikkje kome fleirtalet til gode. Valden og kriminaliteten i landet har heller auka enn minka sidan ANC tok over. Thabo Mbeki gjorde også mykje for å plassera Sør-Afrika i førarsete mellom Afrikanske statar, noko han i stort mon lukkast med, men igjen er det til lite nytte for det store svarte fleirtalet i Sør-Afrika.

Thabo Mbeki overlet eit splitta ANC til den nye presidenten i partiet Jacob Zuma; Eit parti som har store indre utfordringar å løysa i tillegg til å innfri forventningane om ei endring til det betre før partiet fyller 100 år.


Hermund Tvilde
Prosjektansvarlig Sør-Afrika
Comments powered by Disqus

Sør-Afrika

Storgata 11, 0155 Oslo
work Telefon: 21 06 34 70

fax Faks: 21 06 34 71